Lokal | 30. jan. 2017

Utvida tilbod og avtale

Kommunen utvidar avtalen med tiårsjubilanten Vindfanget oppfølgingssenter.

Utvida tilbod og avtale
Ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen tok lunsjen hos Gunnvor Hernes Leonsen og resten av gjengen på Vindfanget måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 30. jan. 2017 17:59

For ti år sidan starta Kirkens Sosialtjeneste Vindfanget oppfølgingssenter i leigde lokaler på Lurane. Dei skulle då vera eit ettervern for rusavhengige. I dag held dei til i eige hus ved Oselvo og har utvikla seg til bli eit tilbod med eit mykje breiare nedslagsfelt.

– Mykje har skjedd på dei ti åra. Den største endringa har nok skjedd på deltakarsida. Frå å vera eit reint ettervern for rusavhengige har vi utvikla oss til også å vera ei verksemd med APS-plassar, driva kvalifiseringsplasser for NAV, for dei som slit med psykiske problem eller som har vore lenge ute av arbeidslivet og som treng å få tetta hol i CV-en sin. Vi har òg eit samarbeid med friomsorgen og driv soningsplassar for dei som soner med lenke eller som er dømd til samfunnsstraff, fortalde leiar Gunnvor Hernes Leonsen då ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen tok lunsjen saman med tilsette og deltakarar måndag formiddag.

Frå konstruert til ekte arbeid

Det er ikkje berre deltakarane som har endra seg i løpet av dei ti åra, men også oppgåvene dei utfører.

– Då vi starta opp blei det ein del konstruert arbeid. Det at vi i 2012 starta opp Vindfanget Vedlikehold, på heilt eigen risiko, gav oss heilt andre moglegheiter. Dei tek på seg ordinære tømrar og vedlikeholdsoppgåver og kan tilby deltakarane heilt ordinært arbeid og arbeidstrening. Eg er utruleg stolt av tømrarane våre og det arbeidet dei gjer saman med deltakarane. At ein av dei i tillegg tok sin første eksamen på veg mot eit fagbrev rett før jul er berre heilt fantastisk, smilte Hernes Leonsen.

Auka tilskotet

Ein annan grunn til at ho kunne smila er den nye driftsavtala Vindfanget har inngått med Os kommune.

– I starten hadde vi berre avtale eitt år om gangen, etterkvart fekk vi til treårsavtalar, noko som var med på å gje oss ein større tryggheit. Det at vi nettopp no har signert ny treårsavtale og at kommunen har auka tilskotet til 1,35 millionar kroner betyr mykje for oss. Eg er stolt av at Os kommune satsar på den kjeden vi tilbyr. Det er omlag 1/3-del av det det kostar å driva oss. Resten må vi klara å finansiere sjølv, mellomanna gjennom tømrarteama.

– I den nye avtalen ligg det òg at vi saman skal sjå på moglegheitar for å vera ein arena for innbyggjarar med sosialhjelp som får pålagt arbeidsplikt. Dette er eit nytt område, som vi ikkje har jobba med tidlegare, fortalde Hernes Leonsen.

Godt rykte

Stolt er òg ordførar Marie Bruarøy, av å ha ei verksemd som Vindfanget i bygda.

– De har klart, på få år, å levera tenester som er skikkeleg godt handtverksarbeid. De har opparbeidd dykk eit godt rykte i bygda. At de òg samarbeider med Os ASVO, ei av dei andre flotte verksemdene våre, syner at de er opne for kreativ tenking, helsa ordføraren.

Her er folk seg sjølv

Med på lunsjpraten med ordføraren og varaordføraren var ikkje berre dei tilsette ved senteret, men også fleire av deltakarane.

– Vindfanget har eit stort potensiale, men det er ikkje nok tilsatte til å ta det heilt ut. Det er heilt knall å vera her. Det er så stor takhøgde og varme i dette bygget. Her spiller det inga rolle kva bakgrunn vi har med oss. Her opplever du å bli respektert, fortalde Arild, som innrømma at han kjende på ein stein i magen då NAV foreslo at han skulle til Vindfanget som ein del av kvalifiseringsprogrammet.

– Eg var ikkje klar over den breidda som var i tilbodet her, fortalde han kommunetoppane.

– Den breidda må vi saman forsøke å få fram for osingane, svara Bruarøy med eit smil før diskusjonen gjekk vidare på korleis ein kan utvikla tilbodet ytterlegare og innan andre områder enn tømrar- og vedlikehaldstenestene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.