Sport | 22. aug. 2016

Utvidar handballskulen

Os Handball arrangerer også i år handballskule i haustferien. – I år utvidar vi tilbodet frå tre til fem dager, fortel Tore Hisdal.

Utvidar handballskulen
Tradisjonen tru blir det handballskule i Oshallen også denne haustferien (foto: AH)
Andris Hamremandag 22. aug. 2016 10:29

Tradisjonen tru arrangerer Os Handball handballskule i haustferien.

– Også i år har vi vore så heldige at vi har fått tildelt GjensidigeStiftelsen Handballskule frå forbundet, fortel Tore Hisdal, arrangementsansvarleg i Os handball.

Utvidar frå tre til fem dagar

Nytt i år er at handballskulen er utvida til å gjelde alle kvardagane i haustferien.

– Det er den store nyhenda, at vi går frå tre til fem dager. I tillegg er Lerøy Seafood inne på matsida, så vi er sikra sunn og god sjømat alle dagane.

– Vi har kun 50 plassar, så det gjeld å vera om seg når påmeldinga opnar via osturn.no klokka 15 no måndag ettermiddag. Eg reknar med at plassane blir relativt fort booka. Det har i allefall ikkje gått mange timane før det har vore fullt dei tidlegare åra, fortel Hisdal.

Oppdatert: klokka 18 måndag ettermiddag var handballskulen fullteikna.

Instruktørar frå A-laga

Til å vera med som instruktørar under handballskulen har Hisdal fått med seg eindel av dei aldersbestemte trenarane.

– I tillegg stiller også i år A-spelarane og spelarar frå dei eldste aldersbestemte laga våre. Vi følgjer stort sett det same opplegget som vi har hatt tidlegare år med å dele skulen opp i to grupper som vekslar på å trene. Deltakarane får sekk, ball og drikkeflaske i tillegg til god trening og sunn mat, reklamerer Hisdal.

Starter lag for 1. klasse

Handballskulen er for elevar frå 1. til 6. klasse, nytt i år er også at klubben starter ordinært handballtilbod til dei som går i 1. klasse.

– Tidlegare har vi starta med minihåndball frå 7 år og oppover. I løpet av hausten vil vi starta opp lag også for seks åringane, altså dei som nettopp har starta på skulen. Det gjer at vi no vil ha eit tilbod til alle årsklasser frå seks til seksten. Nøyaktig når oppstarten blir har eg ikkje oversikt over, men vi kjem til å annonsera det på heimesida vår, på facebook og i skriv til elevane, avsluttar Hisdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.