Utviding hos Hurtigruta Carglass
Vil vaska og støvsuga bilen din mens du er på handletur.
![Utviding hos Hurtigruta Carglass](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/2b01b3a43cbda25ef078fa5dd76c33af6fbb67b1-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Hurtigruta Carglass stilte med Henning Solberg på Amfisenteret kort tid etter at dei kjøpte opp Bilglass Bergen, inkludert avdelinga på Os.
Året etter, i 2013, overtok ein musikar frå Sogndal som dagleg leiar.
– Eg var musikklærar i Sogndal i mange år, og speler både som trubadur og i ulike rockeband. Men eg har vore innom ulike handverkarfag, som servicemekaniker på Båtens Beste før fusjonen med Askeladden, og eg har fagbrev i elektro, fortel Espen Bakketeig.
Fekk seg eit løft
Han har ein 10 år gamal gut med ei dame frå Os, og har blitt buande i bygda. Derfor var han òg innstilt på å kjempa for arbeidsplassen då det for nokre år sidan var snakk om å legga ned avdelinga på Os.
– Det er hard konkurranse i bransjen, og lite å gå på når det kjem til pris. Derfor må du prøva å vera ekstra god på service. Litt oppsøkande verksemd gav oss avtale med nokre firma, der vi hentar skadde bilar og leverer tilbake med reparert eller nytt glas.
– I tillegg har det vore bra tempo i privatmarknaden, både når det kjem til bilglas og med folk som vil ha lyktene sine slipte og polerte. Dagens lykter er stort sett laga av plast, og då skal det ikkje mykje til før dei blir matt.
Opna ny vaskehall
Skifte og reparasjon av bilglas er framleis største varegruppe, men den siste tida har avdelinga på Os supplert menyen med støvsuging og innvendig vask av bil.
– Vi skrur ikkje ut seta, med mindre det er bestilling av utvida vask, men vi køyrer ein grundig prosess på over ein time. Det blir ikkje rare timelønna ut frå det prisnivået vi prøver å halda oss på, men det er grei syssel i ledige stunder.
No er Hurtigruta Carglass òg utvida med eigen vaskehall. Men heller ikkje her er det meininga at kundane skal gjera noko sjølv.
– Folk kan setja frå seg bilen, anten dei skal på jobb eller inn på senteret og handla. Vaskingen tar vi oss av, anten det berre er bilvask eller dei vil ha ein pakke med innvendig og utvendig vask.
Utvida opningstid etter nyttår
– Bilvask mens du handlar er eit tilbod senteret òg var interessert i at vi fekk til. Det er kjedekontoret som har forhandla om leigekontrakt, men eg har forstått det sånn at dei fekk ein god deal på denne utvidinga for at vi skulle få vaskehall på plass.
På black friday hadde Hurtigruta Carglass «pre-opening» på vaskehallen. Over nyttår kjem utvida opningstider og fleire tenester.
– I 2019 skal vi ha ope om laurdagen òg, i tillegg vil vi utvida tenesteutvalet til voksing av bil, fortel Bakketeig.