Hetlevik ba om møte med dagens dommartrio, f.v.: Henrik Pettersen Sunde, Øyvind Nesdal Birkeland (hovuddommar) og Garib Fatah Agid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utvist to gongar for å ropa «hei»

– Dette er vanskeleg å forholda seg til, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av førre heimekamp, mot Djerv 1919, blei Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik utvist for å ropa «hei».

I 82. minutt i dagens kamp mellom Lysekloster og Fana skjedde det same.

– Eg har aldri blitt utvist før, og eg bruker aldri ufint språk eller frekke kommentarar. Å ropa «hei» og slå ut med armane føler eg er mildaste form for spontanreaksjon, og det kjem når eg ser situasjonar der eg meiner det er soleklart at motstandar burde fått kort.

– Etter desse ubehagelege og uforståelege opplevingane synest eg det er vanskeleg å veta kor grensa går.

Etter dagens kamp bad han om møte med dommartrioen. Han har òg varsla protest.

– Eg har alltid vore opptatt av å behandla dommarane med respekt. Dette synest eg er veldig tungt.

Dommar vil ikkje uttala seg

Det er to ulike dommartrioar som har sendt Hetlevik på tribunen i desse to kampane. Dagens dommartrio ville ikkje uttala seg til Midtsiden før møtet med Hetlevik, men no i kveld får vi beskjed per sms at dei framleis ikkje vil uttala seg.

Hetlevik seier han ikkje blei så mykje klokare i løpet av møtet.

– Dommarane var einige i at eg ikkje er ufin, men synest at eg roper «hei» litt høgt, og at det er ein upassande demonstrasjon om eg samtidig slår ut med armane. Dei meinte eg hadde gjort dette tre gongar i løpet av kampen. Den siste gongen sto eg med nevane i lomma.

– Om det er her dei har lagt lista så skal dei få ein travel sesong, alle som dømmer vil nok oppleva å høyra «hei» tre gongar eller meir i dei fleste kampane, vil eg tru.

– Det er som om begeret er fullt før kampen startar, at eit par «hei» er dropane som får det til å flyta over.

Situasjonane

I kampen mot Djerv 1919 låg Lysekloster under 1-2 og jaga utlikning. Lysekloster hadde kast, og prøvde å halda tempoet oppe, men der kom ein Djerv-spelar og slo ballen ut av nevane på spelaren før han fekk kasta. Dommarane reagerte ikkje, Hetlevik ropte «hei», dermed var det marsj på tribunen og karantene i kampen mot Os.

– Utmåling av straff fekk vi først torsdagen etter, to dagar før kampen mot Os. Vi varsla at vi ville anka, noko som kostar 2500 kroner, men fekk beskjed om at dei ikkje hadde tid til å behandla anken før neste kamp, så karantenen måtte sonast uansett.

I dag var det to «hei» på rad som gjorde utslag. Lysekloster låg under 0-2 for Fana, kom på raid og runda høgrebacken til gjestane. Armbruk sendte Lysekloster-spelaren i bakken, men Fana-spelaren fekk ikkje kort.

Hetlevik ropte, men skal ha fått beskjed av linjemannen å setja seg ned og telja til tre. Kort tid etterpå gjekk to spelarar i hodeduell. Lysekloster-spelaren vann duellen, men Fana fekk frispark. Hetlevik ropte nok eit «hei» og blei vist ut. Han veit førebels ikkje kva staff han får.

– Det viktigaste for meg er å finna ut kvar grensa går. Derfor har vi huka av på at vi protesterer på dette, inntil vi får kontakt med nokon i forbundet som kan forklara desse dommaravgjerdene.

Fleire saker