Lokal | 17. des. 2012

Vaag-skulptur utsett for hærverk

– Er det eit stikk i sida til nordmenn sin trang til å utvida kjærleikslivet no i julebordsesongen? undrast kunstnaren.

Vaag-skulptur utsett for hærverk
Skulpturen som sto på moloen er no delt i to. (Foto: privat/Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. des. 2012 09:03

Tidlegare i haust skreiv vi om den raude skulpturen som hadde dukka opp på moloen utanfor Peppes og Os kai.

Les òg: Red Lady?

No er skulpturen, som heiter Cadmium Red Venus, utsett for hærverk.

– Kadmiumraud og Venus er for meg rå kjærleik. Kadmiumraud er ikkje blant dei eldste fargane, men blant dei mest sagnomsuste, forbunden med kjærleik og død, seier den anonyme kunstnaren bak pseudonymet Vaag i ein epost til Midtsiden.

Søndag kveld blei den øydelagte skulpturen henta av kunstnaren, som har problem med å forstå motivet bak hærverket, om det er eit motiv.

Dette er ikkje den første skulpturen i Os sentrum som har blitt utsett for hærverk.

Les òg: Knuste Grieg-skulptur

Oppdatert: Ein innringar fortel at sonen hans bar skulpturen frå moloen og ut til Oseana for ei veke sidan. "Sjå kva eg har funne", sa 11-åringen.

– Han sette den frå seg, og då var den heil. Men eg synes det er litt hol i hovudet å setja ut ein liten og lett skulptur utan å bolta den fast på eit vis, seier faren, som reknar med at det er dei kraftige vindkasta i helga som har tatt knekken på skulpturen, at det ikkje er snakk om hærverk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.