Lokal | 07. feb. 2010

Væpna ran på Uno X

Væpna politi og hundepatrulje er på plass på Lyssand Bil etter ran sundag kveld.

Væpna ran på Uno X
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. feb. 2010 23:24

Bildeserie:

1 av 3

Sundag i 23-tida fekk politiet melding om ran på Uno X. Ein maskert mann skal ha vifta med eit handvåpen og ropt "gje meg pengane".

Politiet har sperra av stasjonen og tunnelen under rundkjøringa like ved. Rundt 5-7 politibetjentar frå Fana er på plass, fleire av dei er væpna og driv saman med hundepatrulje søk i området.

- Politioverbetjent Terje Sperrevik er på veg inn og kjem til å vera den som gjev informasjon til media, opplyser ein av politibetjentane.

Midtsiden.no kom ikkje gjennom på linja til operasjonsleiar i Bergen, men ifølgje ein kollega av den tilsette skal kvinna ha vore åleine på jobb og blitt truga med ein pistol.

Til bt.no seier operasjonsleiar Preben Wallestad at det førebels ikkje er kjent kor mykje pengar ranaren fekk med seg.

Slik skal ranaren sjå ut:
• 25-30 år
• 170 cm høg
• Tynn, kvit i huden med rødleg skjer
• Kort glatt hår og utan skjegg
• Iført svart finlandshette, svart jakke og svart bukse.

Sjå hundepatruljen i aksjon i 23.30-tida sundag kveld. (Foto: Varde Film og Media)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.