Lokal | 19. jan. 2020

Vågstøl og Strønen fekk pris på Røde Kors-fest

Os Røde Kors si besøksteneste er 40 år, hjelpekorpset er 65 år. På festen kom to hyggelege overraskingar.

Vågstøl og Strønen fekk pris på Røde Kors-fest
Atle Vågstøl har gitt hjelpekorpset eit løft, Kristian Strønen har vore medlem i 38 år, og er framleis svært aktiv i laget. (Foto: Frank Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. jan. 2020 10:03

Bildeserie:

Hjelpekorpset og besøkstenesta hadde ein liten, intern fest førre helg. (Foto: FB)
Hjelpekorpset og besøkstenesta hadde ein liten, intern fest førre helg. (Foto: FB)
Dei ti avdelingane er 65 år og 40 år i år. (Foto: FB)
Dei ti avdelingane er 65 år og 40 år i år. (Foto: FB)
Frøydis Østensen leiar den store og aktive besøkstenesta. (Foto: Privat)
Frøydis Østensen leiar den store og aktive besøkstenesta. (Foto: Privat)
Distriktsleiar Bjørn-Arild Fjeldsbø. (Foto: Privat)
Distriktsleiar Bjørn-Arild Fjeldsbø. (Foto: Privat)
Medalje til Vågstøl. (Foto: FB)
Medalje til Vågstøl. (Foto: FB)
Strønen har fått medalje før, no blei det nok ei utmerking. (Foto: FB)
Strønen har fått medalje før, no blei det nok ei utmerking. (Foto: FB)
1 av 6
Hjelpekorpset og besøkstenesta hadde ein liten, intern fest førre helg. (Foto: FB)
Dei ti avdelingane er 65 år og 40 år i år. (Foto: FB)
Frøydis Østensen leiar den store og aktive besøkstenesta. (Foto: Privat)
Distriktsleiar Bjørn-Arild Fjeldsbø. (Foto: Privat)
Medalje til Vågstøl. (Foto: FB)
Strønen har fått medalje før, no blei det nok ei utmerking. (Foto: FB)

– Eg er opptatt av at vi i Os Røde Kors skal få litt tid i lag. Vi er mykje saman i små grupper, og vi treff ein del menneske når vi er på kurs og på oppdrag, men det har sin verdi å bli kjent på tvers av gruppene våre, og å setja litt pris på kvarandre oss frivillige imellom, seier Svanhild Kamilla De-Vries Steffensen.

Ho er fersk som leiar i Os Røde Kors, og ein årsfest var tema på eit møte i fjor. Då oppdaga dei at det var fleire runde dagar i 2020.

– Besøkstenesta er 40 år, og skal ha sin eigen fest seinare i år. Vi har blant anna frivillige som har vore med frå start. Hjelpekorpset er 65 år, så vi starta året med ein liten fellesfest.

Heider til Atle Vågstøl og Kristian Strønen

På festkvelden, som blei arrangert i eige hus i Kolskogheiane, fortalde Frøydis Østensen om aktivitetane til besøkstenesta, som for tida er den største avdelinga målt i mengde aktive i Os Røde Kors.

Distriktsleiar Bjørn Arild Fjeldsbø overrekte ei helsing frå Hordaland Røde Kors, og delte saman med Chris Askeland frå Hordaland Røde Kors Hjelpekorps Distriktsråd ut medalje til Atle Vågstøl og Kristian Strønen.

Atle Vågstøl blei medlem i Os Røde Kors i vaksen alder, i februar 2010. Han bygde opp igjen hjekpekorpset etter ein stille periode, og Os er i dag det korspet i området som stiller med størst mannskap i forhold til medlemstal, fortel styremedlem og operativ leiar for hjelpekorpset, Frank Baggen.

Vågstøl har vore aktiv i hjelpekorpset og i aksjonsleiargruppa, og som korpsleiar i Os og leiar for valkomiteen i Hordaland Røde Kors Hjelpekorps.

Kristian Strønen har vore medlem i Os Røde Kors sidan 1972 (!).

I 1977 var han med på å etablera ambulanseteneste i Os, og køyrde sjølv som frivillig kveld og natt i 8 år. Han har vore leiar i Os Røde Kors, i ambulanseutvalet (den gong RK hadde ambulansetenesta), hatt ulike verv i Hordaland Røde Kors og vore medlem i internasjonalt utval.

– Kristian er eit kunnskapsrikt leksikon av eit arbeidsjern, du kan spørja han om kva som helst og få eit godt svar! I tillegg er han framleis aktiv, eg trur han hadde 3-4 kurs på timeplanen allereie no i veka etter festen, seier Svanhild.

Strønen har tidlegare fått fortenstmedalje av Røde Kors sentralt, men «mangla» regionen sin medalje.

Noko for alle - i ein solid base i Kolskogen

I tillegg har Os Røde Kors beredskapsteneste, blodgivarteneste og Barnas Røde Kors. Tidlegare hadde dei òg Ungdomens Røde Kors, og «URK-en» samla mange ungdomar i bygda.

– Det har variert litt kva område som har vore mest aktive, og kva initiativtakarar vi har hatt i laget. Nett no har vi mange som ønskjer å få besøk, men heldigvis også god rekruttering til besøkstenesta.

• Les òg: Tryggleik i heimen: Lærerikt samarbeid med brannvesenet

Os Røde Kors opplever òg svært god rekruttering til Barnas Røde Kors, spesielt etter at dei i samarbeid med Os Rotary hadde sommarleir på Ramsholmen.

– Men vi har plass til fleire, i alle aldrar på alle område! Det er givande og lærerikt å vera medlem, å yta ein innsats for andre, og vi er heldige i Os som har vårt eige hus og godt med utstyr, frå minibuss til termokikkert og ATV.

• Les òg: Kan du ta vare på familien din i ei krise?

Samtidig er kursaktiviteten høg. I fjor reiste dei dessutan frå krins til krins og hadde kurs i livredding. 120 deltok, noko som er ny rekord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.