Vêret i Os | 11. jan. 2026

Vakker vintermorgon i Os

Bygda sett frå Møsnuken. No er det ventaplussgradar og snø.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. jan. 2026 10:15

I videoen over ser du utsikt over Fusafjorden og Bjørnafjorden laurdag 10. januar 2026.

Videoen er filma av Kjell Morten Søvik, som fortel om ein vindstille tur på fint føre – «rett og slett ei kongeøkt!»

Musikken er «Song til Os» (Ossongen) framført av Os Musikkforening (tekst: Nils Tveit, melodi: Henrik Lyssand.

Etter ein kald start på året, med temperaturar på rundt 10 minus, skal det no bli varmare.

Gradestokken skal gå frå dagens 3 minus til 2 plussgradar måndag. Det er venta snø måndag kveld og nokre timar midt på dagen tysdag.

Onsdag og torsdag er det meldt tre plussgradar og regn.

Vinden skal blåsa friskt det komande døgnet, frå 6-7 m/s søndag til 10 m/s måndag.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.