Lokal | 02. okt. 2016

Vakna til nymalt bil og flate dekk

Bileigar fryktar det er hemnaksjon etter ein spesiell episode med ein fotgjengar tidlegare i veka (oppdatert).

Vakna til nymalt bil og flate dekk
Full av maling og flate dekk: Dette synet møtte bileigar søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. okt. 2016 09:50

Bildeserie:

Det er tydelege teikn på hærverk på alle dekka. (Foto: KVB)
Det er tydelege teikn på hærverk på alle dekka. (Foto: KVB)
Også båthengaren, som skulle brukast i dag, er punktert. (Foto: KVB)
Også båthengaren, som skulle brukast i dag, er punktert. (Foto: KVB)
Bileigar fryktar at dette er hemnaksjon. (Foto: KVB)
Bileigar fryktar at dette er hemnaksjon. (Foto: KVB)
1 av 3
Det er tydelege teikn på hærverk på alle dekka. (Foto: KVB)
Også båthengaren, som skulle brukast i dag, er punktert. (Foto: KVB)
Bileigar fryktar at dette er hemnaksjon. (Foto: KVB)

Han sto opp klokka 8 søndag morgon, klokka 9 skulle han nemleg på tur til hytta med svigersonen for å ta opp ein båt.

Men då bileigar såg ut vindauget trudde han først at han måtte skrapa bilen for frost.

Oppdatert: Mann pågripen. Sjå nedst i artikkelen.

– Taket og store delar av bilen er heilt kvit. Alle dekka, som eg kjøpte nye for to veker sidan, er flate. Også dekka på båthengaren er punkterte.

Det blei ingen tur for å henta båt, men ein telefon til politiet, som søndag morgon kom for å sikra spor.

– Eg hadde ikkje maling utanfor huset, så denne må vedkomande ha hatt med seg sjølv. Politiet fann eit lokk til eit malingspann i ei skråning rett ved eigedomen.

Fryktar at det var hemnaksjon

På spørsmål om bileigar har mistanke om kven som kan ha utført hærverket seier han at han fryktar at det kan vera hemnaksjon.

– Vi veit ikkje kven dette er, men klarer berre å forestilla oss éin som kan ha motiv for noko slikt, med mindre det tilfeldigvis berre er «gutestrekar».

– Det er nemleg oss og denne bilen som er omtalt i den merkelege saka om fotgjengaren som innbiller seg at han blei påkøyrd i Os sentrum måndag.

Midtsiden skreiv om episoden onsdag, der ein mann etterlyste vitne til episoden i fotgjengarfeltet ved Os Taxi. Vedkomande forklarte at hunden hans hadde hamna under bilen då bilen køyrde over bandet. Han slo i taket på bilen for å få den til å stoppa, men bilen køyrde vidare og trilla då også over foten hans.

Han sa òg at han har blitt påkøyrd i fotgjengarfelt to gongar tidlegare, men at politiet ikkje ser ut til å tru på han.

– Vi var ikkje i nærleiken av verken hunden eller foten, men blei redde då han sprang etter oss gjennom heile Os. Det var òg derfor vi køyrde heilt bort til lensmannskontoret før vi ringte politiet så dei fekk snakka med den aggressive karen.

– Glad eg ikkje var vaken

Bileigar gjekk og la seg rundt midnatt, etter å ha sett Brækhus-kampen, sidan han skulle tidleg opp denne søndagen.

– Hærverket har skjedd i natt ein gong. Sidan det ser ut som om punkteringa har skjedd med kniv er eg glad for at eg ikkje oppdaga det då det sto på.

– Uansett kven det er som har utført dette er det svært ubehageleg å bli utsett for så grovt hærverk rett ved stovedøra.

Politiet stadfestar at dei har vore på åstaden.

– Vi etterforskar saka, men ingen er førebels pågripen, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Oppdatert: Klokka 13.30 melder politiet at dei har tatt ein mann som er mistenkt for å stå bak hærverket.

– Vi har vore på ransaking hos den tidlegare omtalte fotgjengaren, og funn på staden styrkar mistanken om at vedkomande står bak, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Vedkomande er pågripen og sett i arresten. Han har førebels ikkje erkjent forholdet, men vi vil ta han i avhøyr i morgon, måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.