Lokal | 22. okt. 2020

To vaksne menn tok kvarandre i nakkaskinnet

Den eine meldte den andre på dagtid, på kvelden hamna dei i klinsj.

To vaksne menn tok kvarandre i nakkaskinnet
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. okt. 2020 07:35

Politiet rykte klokka onsdag kveld ut på melding om bråk i eit nabolag.

Meldinga kom klokka 22.55 frå ein utanforståande nabo til dei som var i konflikt.

– Ein mann i 60-åra og ein mann i 50-åra skal ha tatt kvarandre i nakkaskinnet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet kom til staden og den eine parten fekk påleg om å roa seg.

Den eine av partane meldte den andre tidlegare på dagen. På kvelden har konflikten eskalert.

– Det skal òg ha vore trugslar inne i bildet. Kva konflikten starta med, er uvisst. Men vi har vore ute på denne adressa før, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.