Lokal | 29. sep. 2012

Vakt truga med stokk

• Vakt på AMFI Os blei truga med stokk.• Minibuss med polakkar på "salsturné" på Hatvik.

Vakt truga med stokk
Her på nordsida av AMFI Os blei ein vakt truga med ein trestokk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. sep. 2012 14:56

Laurdag formiddag fekk politiet melding om trugane mann utanfor Amfisenteret.

– Nokre kjenningar av politiet sto og forsynte seg frå eit lite returpunkt bak senteret. Då ein vakt ba dei fjerna seg tok ein av dei opp ein planke eller ein trestokk som han truga med, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Vakten trekte seg unna og kontakta politiet. Kjenningane var vekke då politiet kom fram, men mannen med stokken er identisfisert via overvakingskamera.

– Vi veit kven han er og vil ta kontakt om senteret vil melda episoden, seier Fimreite.

Stum seljar og snoking i postkassar

I 13.30-tida fekk politiet melding om ein stum seljar i eit bustadområde i Hatvikvegen.

Kva han prøvde å selja er uklart, men han viste fram ein lapp og sa ingenting.

Rett bortanfor sto ein minibuss med fem polakkar om bord. Dei skal ha snoka i postkassar.

– Seljaren var vekke då vi kom fram, men vi sjekka personalia på alle i bussen og undersøkte sjølve bussen for tjuvgods.

Polakkane nekta for å ha snoka i postkassane.

– Vi fann ingenting og dei fem blei dimittert. Dei sa dei skulle med ferje frå Hatvik så vi sendte dei den vegen.

I ettermiddag kan dei med andre ord bli Fusa sitt problem ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.