Erik Vaktskjold er ekstremt glad i fysisk trening. (Foto: Vasco Pinhol)
Erik Vaktskjold er ekstremt glad i fysisk trening. (Foto: Vasco Pinhol)

Vaktskjold teken ut til U23-EM i Tyskland

Erik Vaktskjold skal denne hausten representera Noreg i roing under U23-EM i Duisburg.

Ørjan Håland
05. august 2020 - 11:46

Norges Roforbund har tatt ut osingen Erik Vaktskjold til å representere Noreg i U23 EM. U23-EM vert i år arrangert 5 - 6. september i Duisburg, Tyskland. 

– Dette kjennes veldig deilig og eg er sjølvsagt svært nøgd med å bli teken ut. Det har vore ein lang prosess fram til dette uttaket, så no ser eg fram til å kunna reisa, Seier Vaktskjold.

Sjølve uttaksprosessen starta i Kongsvinger for over tre veker sidan.

– Det heile har vore ein slags selekteringsprosess der vi først trente i Kongsvinger i 10 dagar, før eg fòr vidare til Årungen, der vi hadde ein slags nasjonalarena. Då vart det endå meir spissa i henhald til sjølve uttaket, og vi vart satt saman i ulike kombinasjonar. Så at eg til slutt enda opp med ein plass i EM er eg sjølvsagt veldig nøgd med, påpeikar Vaktskjold.

Erik Vaktskjold.(Foto: Estela.Re.Ma 2020)
Erik Vaktskjold.(Foto: Estela.Re.Ma 2020)

Korona vart ein fordel

At skulene stengde sitt fysiske oppmøte og ein kunne planlegga annleis, bidro i år til ein ny treningskvardag for Vaktskjold.

– Det vart nesten ein forbetra kvardag for min del med tanke på trening. Eg kunne då trena to økter om dagen og brukte tida rett og slett godt. Dette gav meg både trivsel og resultatar. Eg har til vanleg ti økter i veka, som til saman utgjer omtrent 20 timar.

Men kva med skulearbeidet?

– Hehe, joda, det gikk fint det også! Eg klarte å planlegga dagane godt og det endte med resultatar som eg er nøgd med der også, fortel Vaktskjold.

Elskar å trena

Når Vaktskjold vert bedt om å forklara kva som gjer at nettop han gjer det godt reint sportsleg, så er han ganske tydeleg i sitt svar.

– Eg er ein som elskar å trena og eg er heldig som har ein kropp som taklar mykje trening. For mange unge som satsar på idrett, vert det av og til vanskjeleg å prioritera. For meg har det aldri vore noko vanskjeleg, eg trivast sjølvsagt sosialt med vener og familie, men har aldri hatt eit dilemma med å velja mellom fest eller trening. 

– Det er så kjekt å trena og bruka kroppen at det vert det naturlege valet. Det er nesten litt rart å sei det, men om det ikkje hadde vore roing eg dreiv med, så hadde eg sikkert dreve med noko anna fysisk, som til dømes symjing eller sykling, påpeikar Vaktskjold.

Erik Vaktskjold.(Foto: Estela.Re.Ma 2020)
Erik Vaktskjold.(Foto: Estela.Re.Ma 2020)

Tøff konkurranse

Under årets EM vert det tøff konkurranse å få frå mange tøffe nasjonar.

– Det er mange gode nasjonar, eg kan nevna Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Italia og Polen. Dette er svære nasjonar som alltid stilar med gode lag og utøvarar.

Det som kan spela inn som ein faktor er sjølvsagt korona. 

– Men ein veit ikkje kordan deira oppkjøring har vore under korona. Vi har vore heldige og fått trent relativt godt, men dei ulike landa har nok hatt ulike retningslinjer å forholda seg til under korona. Vi har som mål å koma oss til ein B-finale, avsluttar Vaktskjold.

 

Les meir om

Sport Kondis