Politikk | 08. sep. 2025

Valdag: Her kan du stemma

Du kan røysta i alle vallokala i kommunen, ikkje berre i krinsen du bur i.

Valdag: Her kan du stemma
I dag er siste sjanse til å bruka stemmeretten. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 08. sep. 2025 08:00

I dag, måndag 8. september, er det stortings- og sametingsval 2025.

Fredag var siste dag for førehandsrøysting, og i dag er siste sjansen til å bruka stemmeretten.
Alle vallokala i Bjørnafjorden kommune held ope frå klokka 10 til 21.

Kven kan røysta?

Alle som er manntalsført i Bjørnafjorden kommune, og som fyller 18 år innan utgangen av 2025, kan røysta i dag. Du kan røysta i alle vallokala i kommunen, ikkje berre i krinsen du bur i.

Det blir halde både stortingsval og sametingsval. For å delta i sametingsvalet må du stå i Sametingets valmanntal.

Du må hugse å ta med legitimasjon med bilde som til dømes pass, id-kort eller førarkort. Elektronisk førarkort er også gyldeg.

Vallokale i Bjørnafjorden kommune

Tidlegare Os kommune:

  • Lysekloster barneskule
  • Nore Neset ungdomsskule
  • Os idrettspark
  • Vognhallen
  • Søfteland barneskule
  • Lunde barneskule

Tidlegare Fusa kommune:

  • Eikelandsosen krins: Kommunetunet
  • Fusa-halvøya krins: Fusa samfunnshus

Når får vi resultata?

Stemmer frå vallokala blir telte opp måndag kveld.

Førebelse resultat for kommunen blir offentleggjorde fortløpande frå klokka 21 og utover kvelden.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.