Val 2023 | 11. sep. 2023

Valdagen: 9 lokale opne til klokka 21

I dag har du 11 timar på deg til å stemma.

Flagga er heiste på Osøyro i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2023 06:38

Måndag 11. september er dagen for kommunestyre- og fylkestingvalet.

I Bjørnafjorden kommune var det over 32 prosent som stemte på førehand, altså innan fredag 8. september klokka 15.

I dag kan du stemma fram til klokka 21.00. Alle røystelokala utanom Baldersheim barneskule (Søre Fusa krins) opnar klokka 10, Baldersheim opnar klokka 13.

Du kan stemma i det lokalet du ønskjer, men berre i heimkommunen din.

Du treng ikkje ha med deg valkortet, men du må ha med legitimasjon.

Har du spørsmål om praktisk gjennomføring? Sjå framgangsmåte på det å gi stemme på valg.no

Vallokala til kvar krins

Lysekloster krins: Lysekloster barneskule
Nore Neset krins: Nore Neset ungdomsskule
Os Nord krins: Os idrettspark
Os Sentrum krins: Os Aktiv
Søfteland: Søfteland barneskule
Søre Neset krins: Lunde barneskule

Eikelandsosen krins: Kommunetunet
Fusa-halvøya krins: Fusa samfunnshus
Søre Fusa krins: Baldersheim barneskule

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.