Lokal | 09. sep. 2019

Valdagen: Harald Lekven

– Det blir nok større enn det vi i Os er vane med.

Valdagen: Harald Lekven
Harald Lekven var på jobb i Ulven leir i dag. Forsvaret måtte stilla med ein amerikansk bil for at han skulle bli verande i jobben. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. sep. 2019 15:46

Bjørnafjorden Senterparti sin ordførarkandidat, Harald Lekven, gjekk ikkje og stemte i dag.

– Eg plar stemma på valdagen, men ein dag vi sto på stand på Osøyro var det ein annan som hadde vore og førehandsrøysta, så då gjorde eg det same.

– Det var greit å få det unnagjort, for det kan bli ein travel dag i dag, seier den pensjonerte politimannen på jobb i Ulven leir, men med telefonen på øyret.

Senterpartiet har valvake på Handelslaget i Strandvik i kveld.

– Der kjem visst både medlemmar og sympatisørar. Senterpartiet er store på andre sida av fjorden, og kanskje spesielt i Strandvik, så det gler eg meg til.

– Kva håper du på av resultat i kveld?

– Eg veit ikkje kva eg skal venta, målingane spriker litt, men begge er gode, frå 6 til 8 mandat. Det er uansett langt over det vi er vane med i Os.

I Os fekk Sp 4,3 % ved førre val, som gav 2 av 35 mandat. I Fusa blei det 27,2 % og 6 av 21 mandat.

– De kan koma i forhandlingsposisjon, og du har både sagt at det ikkje betyr noko kven som er ordførar, og at det er svært usannsynleg med noko samarbeid med Frp. Kva retning kan bli aktuell å gå?

– Det vil kvelden visa. Vi skal ha eit møte i forhandlingsutvalet til partiet før valvaken, så vi er godt førebudd om vi skal i dialog med andre parti utover kveld og natt.

– Det kan bli ein ny kvardag etter valet, er du førebudd på det?

– Eg trivst med dagane mine sånn dei er no, og har aldri engasjert med i politikken på bagrunn av personlege ambisjonar. Men når du er i min alder så må du ta ting som dei kjem, og når du har tatt på deg ei rolle som ordførarkandidat så må du gjera ditt beste i den posisjonen du hamnar i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.