Lokal | 09. sep. 2019

Valdagen: Terje Søviknes

– Eg er meir spent enn før, men vi har òg tradisjon for å slå meiningsmålingane.

Valdagen: Terje Søviknes
Terje Søviknes gjorde som ved kvart val, leverte stemmeseddelen på valdagen i eigen heimkrins. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. sep. 2019 15:27

Valdagen møtte vi ordførar Terje Søviknes (Frp) på Lysekloster barneskule, klar for å stemma.

– Det er tradisjon, eg liker å stemma på valdagen, og i min eigen heimkrins, seier Søviknes.

Så forsikrar han oss om at han har søve godt i natt.

– Det er meir spennande enn før. Det er fleire x-ar og y-ar med ny kommune, samtidig indikerer jo meiningsmålingane at vi ikkje får fleirtal saman med Høgre.

– Men dei siste målingane spriker ein del, spesielt for Sp og Høgre, og vi har tradisjon for å slå meiningsmålingane.

Første tydelege indikasjon kjem i 21-tida i kveld, då blir resultatet av førehandsstemmene publiserte, blant anna her på Midtsiden.

– Éin ting er at det er rekordmange 25 prosent som har stemt på førehand, ein annan ting er at vi hadde knappe 70 prosent oppslutnad ved førre val.

– Det betyr at førehandsrøystene kanskje er over ein tredel av alle stemmene.

Søviknes seier magekjensla er god.

– Vi mangla berre eitt mandat på siste måling. Det kan ha blitt mobilisert no i innspurten. Sjølv har eg vore mykje ute på stand, og vi har fått gode signal frå innbyggarane. Dei vi har snakka med har vore opptatt av ein stabil retning i Bjørnafjorden kommune sine første fire år.

Ved førre val fekk Frp 39,5 % av stemmene. Målingane i BA og BT i august seier 27,3 % og 31,2 %.

Både NRK og TV2 skal ha meldt sin ankomst for å følgja valet i kveld. Frp er samla på Liens, Høgre i Vognhallen, Senterpartiet i Strandvik og Ap med blant andre MDG på Bar(t).

– Du kan bli arbeidsledig i løpet av kvelden. Har du ein plan B, at det står jobbtilbod og ventar på deg?

– Nei, det har eg ikkje ofra ein kalori. Uansett utfall skal vi styra Os kommune ut året.

• Midtsiden samleside: Val 2019

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.