Lokal | 09. sep. 2019

Valdagen: Trine Lindborg

Fire år etter at ho engasjerte seg i politikken, kan ho bli ordførar i ny kommune.

Valdagen: Trine Lindborg
Trine Lindborg på veg til røystelokalet i Oseana på valdagen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. sep. 2019 15:11

Bjørnafjorden Arbeidarparti sin ordførarkandidat, Trine Lindborg, leverte si stemme i Oseana på valdagen i dag.

– Eg kunne ha førehandsrøysta, men det blei sånn at det passa best å gjera det i dag, seier Lindborg på veg opp til røystelokalet i kulturhuset.

I 2015 fekk Ap 19,4 % i Os og 25,6 % i Fusa. Målingar utført for BA og BT viser 23,1 % og 20,6 %. Saman med spådd vekst hos blant anna MDG kan dei raudgrøne koma i posisjon. Samtidig har Lindborg, ifølgje oddssetjarar, meir enn tre gongar så stor sjanse som Marie Bruarøy til å bli ordførar, .

– Er tanken på at du kan bli ordførar noko som pregar dagen?

– Eg er først og fremst veldig spent på resultatet, og veldig glad for engasjementet som innbyggarane i Fusa og Os har vist i valkampen. Det har vore stort, det er som at folk har oppdaga at politikk handlar om kvardagen deira. Ting dei gjerne ikkje har tenkt over før har kome fram i lyset.

Sjølv kom ho inn i lokalpolitikken for fire år sidan. Ho hadde vore sympatisør ei stund, og ser på seg sjølv som «fødd sosialdemokrat», då ho kjende behov for å yta ein innsats. Terrorhandinga på Utøya var utslagsgjevande.

– Eg tenkte «kva kan EG gjera?», og meldte meg inn. Det som var rart var at då eg snakka med søstera mi eit par dagar seinare, viste det seg at ho hadde gjort det same.

– Korleis blir kvelden din?

– Vi har invitert til valvake på Bar(t). Der kjem fleire frå opposisjonen.

– Kva skal til av resultat for at du synest at kvelden har vore god?

– At vi har skikkeleg framgang, får inn fleire mandat og kjem i posisjon til eventuelle forhandlingar. Det blir ein spennande kveld, og det kan bli nokre spennande timar etter at valet er over.

• Midtsiden samleside: Val 2019

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.