Sport | 02. mai 2010

Vålerenga til Os igjen

For seks år sidan blei Vålerenga rysta av Os på Kuventræ. Måndag ettermiddag kan Os møta fleire med tippeligaerfaring heime mot Vålerenga 2.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. mai 2010 20:20

Bildeserie:

1 av 9

Vålerenga 2 starta serien med å tapa for Fana med Martin Andresen på banen.

Måndag kjem Vålerenga 2 til Vestlandet igjen, for å spela kamp på Kuventræ klokka 17.30.

4000 førre gong
For ganske nøyaktig seks år sidan (7. mai 2004) var Os nær på å detonera årets cupbombe på Kuventræ.

Kjetil Rekdal blei lurt trill rundt to gongar, Tim Henrik Sperrevik runddribla Rekdal og gav Os 1-0-leiing i 20. minutt og Jørn Vegard Berge runda Rekdal då han la inn til Roar Hjelle, som utlikna til 2-2. Kampen enda 2-3, framfor rundt 4000 publikummarar.

- Eg trur mange osingar hugsar denne dagen som ein festdag på Kuventræ. Sjølv om det no er andrelaget vi spelar mot, blir det nok fleire kjente spelarar på banen og ein god og underhaldande kamp. Vi håpar sjølvsagt på godt oppmøte i denne tredje serierunden, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Vil du mimra kan du sjå bildeserien over.

Kjem Martin?
Os spelte uavgjort mot Kjelsås (2-2) i første serierunde og tapte for Bærum (2-0) i andre. Vålerenga 2 har tapt 2-1 for Fana og 0-3 for Frigg. Kjem dei til å styrka laget for å ta poeng mot Os i morgon?

- Vi skal ha møte med fysiterapeut måndag, først då blir det bestemt kva spelarar vi tar med oss, seier spelarutviklar i Vålerenga Fotball, Andrea Loberto.

- Men vi spelar alltid for å vinna, andrelagskampane er høgt prioritert som arena for både unge talent og etablerte spelarar.

Loberto nemner desse tippeligaspelarane som aktuelle for morgondagens kamp: Kristian Brix, Adnan Haidar, Juan Fuenmayor, Dawda Leigh, Lars Iver Strand og Mostafa Abdellaoue.

Han seier han heller ikkje kan utelukka at Martin Andresen spelar for andrelaget mot Os.

To endringar i startellevaren
Os har starta likt i dei to første rundane i år, men gjer to byte til morgondagens kamp.

Os startar med følgjande lag i morgon (4-3-3): Halvard Enes, Baste Jonassen, Endre Brenne, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Preben Borgen, Daniel Kalstad, Tim Henrik Sperrevik og Torkel Hjertnes.

Baste Jonassen kjem inn som høgreback, men utan å skvisa Daniel Kalstad ut. Kalstad får ei meir offensiv rolle, på Os sin høgrekant.

Tore Valvik, som har kome innpå i begge dei første kampane, spelar i morgon frå start. Vegard Leikvol Moberg og Frode Buvik byrjar på benken saman med Kjetil Hansen, Anders Glesnes, Tom Skråmestø, Christer Olsen og Christian Almeland.

- Med Daniel framme og Torkel på motsett kant får vi to raske kantar med stor gejnnombrotskraft. Det er marginale forskjellar på midtbanen, men Tore gjorde ein svært god kamp for andrelaget mot Baune, og har eigenskapar vi trur kjem ekstra godt fram slik graset er no.

- Preben er god å koma seg forbi med ball for tida, og får ei hengande rolle rett bak Tim, forklarar Hellevik.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.