ValiOs15 - direktesending frå rådhuset
Midtsiden TV: Vi sendte direkte frå rådhuset frå klokka 20.55 til cirka 00.50 med resultat og intervju. Her kan du sjå opptak av sendinga.

Bildeserie:
OPPDATERT: Vi hadde over 24.000 unike lesarar på Midtsiden.no valdagen, 5.714 av desse følgte direktesendinga! Takk for fine tilbakemeldingar, vi håper dette var både nytte og hygge!
Midtsiden har i samarbeid med Varde Media rigga studio i kantina i Os rådhus.
I ruta over kan du følgja resultata krins for krins og få direktesendt intervju med listetoppane frå kvart lokalparti i Os.
– Alt er rigga og testa, men vi er naturlegvis spente, seier Midtsiden-journalist og programleiar for kvelden, Andris Hamre.
Videojournalist Ørjan Håland er saman med Varde produsent.
Sendeskjema
– Vi startar med eit intervju med leiar for valkomiteen, Terje Søviknes, klokka 20.55. Frå klokka 21 presenterer vi resltatet frå førehandsstemmene.
Utover kvelden blir resultata frå kvar krins, etterkvart som dei kjem inn presentert og kommentert.
Det blir også eit innslag med videointervju av to førstegongsveljarar og nokre tilbakeblikk på valkampen og debattane som har vore.
– Vi får nok noko dødtid innimellom, men vi håper sjåarane held ut til vi har fått inn alle resultat og tatt alle intervjua vi har planlagt, seier Hamre.
Mens du ventar
Sidan det er ein stor dag har vi også tatt med oss den store mikrofonen.
Wish us luck!
Sjå alle saker og alle lesarinnlegg om valet: Midtsiden samleside, ValiOs15
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.