Lokal | 21. mai 2010

Valiumbeslag på Flesland

Ein osing blei tysdag tatt med 8000 valiumtablettar i kofferten.

Valiumbeslag på Flesland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. mai 2010 13:18

Politiet i Os har i samarbeid med Tollvesenet gjort eit stor narkotikabeslag på Flesland.

- Ein osing i 50-åra blei tysdag 18. mai stoppa med 8000 valiumtablettar. Dette er eit stort beslag og ei alvorleg sak, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Han trur tablettane, som samla har ein gateverdi på rundt 200.000 kroner, var tiltenkt marknaden i Os. No er han glad for at narkotikaen ikkje nådde fram til kommunen.

- Vi registrerte at det var ein del valium i omlaup på den illegale marknaden for nokre år sidan. Det er vanlegvis etablerte narkomane og pillemisbrukarar som kjøper og bruker desse.

Politiet fortel at mannen landa på Flesland etter opphald i utlandet, men vil ikkje ut med kvar han hadde vore før han blei pågripe.

Mannen, som er tidlegare domfelt i mindre narkosak, blei sluppen fri etter avhøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.