Lokal | 05. mai 2019

Valt til 2. nestleiar i Frp

Terje Søviknes er i dag, saman med Sylvi Listhaug, valt til nestleiar i Fremskrittspartiet.

Valt til 2. nestleiar i Frp
Søviknes, her då han gjekk av som statsråd i august i fjor, er i dag valt til andre nestleiar i Frp. (Foto: Christina F. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. mai 2019 11:35

Tre osingar, Terje Søviknes, Laila Reiertsen og Gustav Bahus, er i helga på landsmøte i Frp.

I dag valte landsmøtet Sylvi Listhaug og Terje Søviknes som første og andre nesteleiar i partiet, ifølgje frp.no utan motkandidatar.

Det er 20 år sidan han blei valt til andre nesteleiar, den gong bak Siv Jensen, og 18 år etter at han måtte trekka seg frå jobben.

Klemmen han fekk av Siv Jensen i dag betydde ekstra mykje, seier Søviknes til BT.no. På spåørsmål om kva han følte då han blei valt, svarer han:

– Det er først og fremst eit stort ansvar eg tar på meg igjen. Det blir hardt arbeid fremover, både i kommunevalkampen, i fylkesvalkampen og så skal eg i tillegg fronta partiet nasjonalt.

• August 2018: Siste dag som statsråd

Ketil Solvik Olsen trakk seg som nestleiar, men blei valt for eitt år som sentralstyremedlem. Til sentralstyret møtte valkomiteen si innstilte Lill Harriet Sandaune frå Trøndelag, Johan Aas frå Innlandet og Alf Erik Andersen frå Agder utfordring fra Christian Tybring-Gjedde fra Oslo.

Etter votering trakk Johan Aas det kortaste strået, og måtte sjå seg slått ut av Christian Tybring Gjedde. Dermed blei Andersen, Tybring-Gjedde og Sandaune valt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.