Lokal | 17. sep. 2009

Vann 1 million!

Olav Kolbjørn Bjelland slengte døra igjen då han fekk besøk av Norsk Tipping og P4.

Vann 1 million!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2009 19:08

- Eg trudde det var ein misnøgd kunde som hadde alliert seg med tv-kamara og slikt, seier Olav Kolbjørn Bjelland (48) til Norsk Tipping sine heimesider..

Interiørarkitekten har heimekontor og fekk torsdag besøk av Norsk Tipping. Bjelland var nemleg dagens vinnar i Lottofestivalen.

- Vi tar trekninga i 7-tida om morgonen, og så reiser vi ut for å gje gåvesjekken til vinnaren, fortel Magne Vikøyren frå Norsk Tipping til Midtsiden.no.

Olav blei i dag den andre osingen på ei drøy veke som får millioninntekt i spel frå Norsk Tipping. Tysdag 9. september vann Anette Seilen (27) to millionar kroner i Extra.

Olav blei også Lotto-millionær nr. 100 sidan 2005 og fram til i dag.

- No skal eg kjøpe meg ein pallegaffel og ein vinsj til traktoren. Eg har så mykje ved eg skulle ha flytta, og då treng eg utstyr, seier Bjelland Norsk Tipping.

Vinnaren kjøpte kupongen sin hos Rema 1000 Os i Idrettsvegen.

Les meir om Lottofestivalen her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.