Lokal | 26. juli 2010

Vann 13,2 millionar

Ein 34 år gamal osing stakk laurdag av med ein kjempepremie hos speleselskapet Unibet.

Vann 13,2 millionar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. juli 2010 08:20

Han sat ved PC-en sin og venta på kameratane han skulle å bada med, 34-åringen som satsa 5 euro eller rundt 40 kroner på rett lodd laurdag.

- Det sa berre pling og plutseleg hadde eg vunne jackpoten på 1.660.000 euro, fortel mannen, som vil vera anonym, til BA.no.

Spelet han satsa på heiter Arabian Nights. Unibet stadfesta laurdag kveld premien, som tilsvarar rundt 13,2 millionar kroner. Premien er den nest største selskapet har betalt ut.

Det første vinnaren gjorde var å ringa kameratane sine for å fortellja at det hadde skjedd noko alvorleg.

- Dei trudde nokon hadde skadd seg eller liknande, og blei heilt mållause då eg fortalte kva som hadde skjedd.

No har den heldige vinnaren lova kameratane ein fin gutetur, der dei må stå for planlegginga medan han skal betala.

Kanskje blir det nokre arabiske netter på venegjengen frå Os ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.