Finalelaget til Nore Neset ungdomsskule, som i dag vann finalen heile 14-0 over Fjell. (Foto: Hilde Drange Veglo)

Vann 14-0 (!) i finalen i årets skulecup

Nore Neset ungdomsskule har, for andre år på rad, dei beste fotballjentene i fylket.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nore Neset ungdomsskule har i dag spelt finale i jenteklassen i «Skolecupen i Hordaland» mot Fjell ungdomsskule på Nymark.

Det enda med målkalas!

Nore Neset - Fjell 14-0 (7-0)

Martine Nagelsen-Balland blei toppskårar med 6 mål, Andrine Brunvatne Kvittingen skåra 4. Dei andre måla blei skåra av Malin S. Ludvigsen, Lenea Fløysand og Synne. Anne Noss Nordvik heldt buret reint.

– Jentene spelte fantastisk bra, synest inspektør og fotballmamma til eldre, talentfulle jenter (Vilde og Guro), Hilde Drange Veglo.

Nore Neset stilte med elevar frå alle trinn.

– Ho frå 8. trinn var dessverre skadd, men vi hadde med to frå 9. trinn, som klarte seg veldig bra, og resten frå 10. trinn, 2003-årgangen som elles i sesongen gjer det skarpt med Nore Neset/Os J16/J17 og damelaget.

Vann semifinalen på straffekonk

Jentene spelte tre kampar før dei i mars møtte Austevoll til semifinale på heimebane.

– Den kampen blei langt meir spennande, fortel Veglo.

Etter ekstraomgangar sto det 2-2, men Nore Neset vann heile 3-0 på straffekonkurranse.

Fleire saker