Fotball | 31. juli 2012

Vann 17-0!

Norway Cup 2012: Os G14 måtte vinna 15-0 for å gå til A-sluttspelet. Dei 16 siste måla kom i løpet av 29 minutt.

Vann 17-0!
Torgeir Lunde, Anders Havsgård, Ola Lekven Moberg, Henrik Mjelva og Ådne Onarheim feira storsigeren med middag på Egon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. juli 2012 21:12

Os smågutar 14 starta Norway Cup med 0-2-tap for Ullensaker/Kisa 1, men følgte opp med å dominera kampen mot Grüner, utan at det blei meir enn eitt poeng.

I dag var det kamp mot Molde 3, eit lag dei to andre motstandarane hadde slått 15-0 og 13-0.

Derfor måtte Os vinna 15-0. I tillegg var dei avhengige av av Ullensaker/Kisa 1 slo Grüner.

– Ullensaker/Kisa leia 2-0, men så blei det 2-2. Rett før slutt kom heldigvis 3-2-skåringa, fortel Tore Kleppe, som er med og trener Os G14.

Så var det oppgåva til Os: Å skåra 15 mål på bestilling, på 40 minutt, er ikkje berre enkelt, sjølv om motstandaren er svak.

– Vi skåra 1-0-målet raskt, men det gjekk 11 minutt før vi auka til 2-0, fortel kaptein og kretslagsspelar Ola Lekven Moberg.

Så var skåringsmaskineriet i gang, smågutane skåra til saman 16 mål på dei siste 29 minutta.

– Gutane var ekstremt effektive, dei sprang inn i mål og henta ballen etter skåringane, og opp og la den på midtbanen. I tillegg hadde vi litt ballgutar ståande rundt banen, så det blei mest mogleg spel, fortel Kleppe.

Os G14 kom på 2.plass i pulja og møter Start i 1/32-finale onsdag klokka 16.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.