Helse | 24. juni 2022

Vann 25.000 - viste kven ho vil gi pengane til

Banksjefen blei overraska og rørt.

Vann 25.000 - viste kven ho vil gi pengane til
F.v.: Benedikte Toftesund og Ida Eldstad fekk sjå bilde frå Tone Linn Knutsson sine turar med Rynkeby. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. juni 2022 06:53

Under LøpE39 laurdag sto sponsor Sparebanken Vest på stand. Der kunne du legga eit lodd i potten, pris per lodd var at du forsynte deg med din favoritt frå Twist-skåla.

Vinnarane fekk lov å gi kvar sine 25.000 kroner til kvar sine frivillige lag.

Litt over 200 av rundt 1.100 deltakarar var med i loddtrekninga.

Tone Linn Knutsson og Bjørnar Torgilstveit, som begge deltok på OneSubsea halvmaraton, blei trekt ut som vinnarar.

Bildeserie:

F.v.: Morten Holmefjorde frå musikklaget og vinnar Bjørnar Torgilstveit saman med Anja Riise frå Sparebanken Vest. (Foto: Privat/SPV)
F.v.: Morten Holmefjorde frå musikklaget og vinnar Bjørnar Torgilstveit saman med Anja Riise frå Sparebanken Vest. (Foto: Privat/SPV)
F.v.: Ida Eldstad og Benedikte Toftesund frå banken med sjekk til Tone Linn Knutsson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
F.v.: Ida Eldstad og Benedikte Toftesund frå banken med sjekk til Tone Linn Knutsson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sparebanken Vest sin stand i Endelausmarka under løpet laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sparebanken Vest sin stand i Endelausmarka under løpet laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

Bjørnar Torgilstveit gir 25.000 kroner til Eikelandsfjorden Musikklag, Tone Linn Knutsson gir 25.000 kroner til Rynkeby Vestland.

– Mens for eksempel Brystkreftforeningen får både støtte frå Staten og store inntekter frå sine kampanjar, får Barnekreftforeningen inga støtte frå Staten, men noko inntekt frå Rynkeby-prosjektet, fortalde Knutsson.

Banksjefen og kollegaen blei overraska, og seinare rørt.

Rynkeby er eit sykkelritt til inntekt for foreninga. Deltakarane er foreldre som har mista bornet sitt i kreft, pårørande og, som Tone Linn, folk som bryr seg.

Deltakarane betaler alle kostnadar sjølv, men sel reklameplass på sykkeltrøyene sine.

Knutsson har deltatt fire gongar. Vi intervjua Tone Linn før og etter første runde.

I år er ein annan osing, Jostein Bøe, med på Rynkeby. Denne gongen går turen til Paris igjen.

Tone Linn Knutsson kunne løfta sykkelen og jubla etter målgang i Paris (privat foto)
Les ògTone Linn nådde Paris

– Dei to siste åra blei det ikkje til Paris, men meir pandemivenleg her heime.

– I 2020 gjekk turen frå Ålesund til Bergen, i 2021 fekk vi ein veldig fin tur frå Bergen til Trondheim, der alle laga samlast før entré torget i Trondheim sentrum.

Tone Linn viste merke på drakta si, med namn på born som Rynkeby-deltakarane har mista, og fortalte historiar foreldre har delt med laget i løpet av sykkelturane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.