Lokal | 08. okt. 2016

Vann 4,7 millioner

Ei dame i 20-åra frå Os vann nær 4,7 millioner i Lotto.

Vann 4,7 millioner
Nesten 4,7 millionar var premien i kveldens lotto-tipping (foto: Norsk tipping)
Andris Hamrelørdag 08. okt. 2016 20:10

Laurdagens lottotrekning gav tre vinnarar, alle under 35 år, med kvar sin gevinst på 4,6 millionar kroner.

Ein av vinnarane skal, i følgje ba.no, vera frå Os.

– Hæ, kva, er det sant? No byrjar eg å gråta, skal kvinna ha sagt då Norsk Tipping ringte ho med den gledelege nyhenda.

Ho sat i sofaen heime med borna og såg på filmen Madagaskar då ho fekk det fantastiske meldinga.

– Eg er heime med borna og mannen min. Dette er berre fantastisk! Eg hadde aldri trudd eg skulle koma i denne situasjonen., sa ho til Norsk Tipping.

Pengane skal ho nytte til å nedbetale lån og ta ein ferietur med heile familien. Kupongen blei levert på mobil 28. september.

Den nøyaktige summen kvinna vann er 4 663 745 kroner. Rekka ho vann på er 14, 22, 27, 17, 24, 9, 13. Tilleggstal 12.

p.s. sjansen for å få sju rette i lotto er 1 til 5,4 millionar per rekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.