Sport | 24. apr. 2017

Vann 9-0, med Egil Thuen i mål!

Seriestart i 5. til 7. divisjon: Sånn gjekk det med dei fem laga frå Os.

Vann 9-0, med Egil Thuen i mål!
Angrepsspelar Egil Thuen (t.v.), her mot Lars Erik Lunde på Os 3 i fjor, vann med både Nore Neset 1 og 2 i serieopninga. På andrelaget sto han i mål. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. apr. 2017 20:44

Serien er i gang, også nedover i divisjonane.

Både Os 2, Søfteland og Nore Neset speler i 5. divisjon. I tillegg er Os 3 i 6. divisjon og Nore Neset 2 i 7. divisjon.

Nore Neset il har klart mest å jubla over etter seriestarten, med siger til begge lag.

Vann 9-0 og 2-3

– Vi fekk ein skikkeleg krigekamp på den vesle banen på Eidsvåg. Det blei ingen fin kamp å sjå på, men eg er nøgd med tre poeng, seier Arne Sælensminde, trenar for Nore Neset.

Begge lag skåra på overtid, Nore Neset vann bortekampen 2-3 etter 0-0 til pause.

– Eg føler det er fortent at vi vinn. Vi burde ha leia godt til pause og gjekk opp i 2-0-leiing (Ørjan Hellesnes og Emilis Zilinskas) før gjestane reduserte.

Vertane utlikna på overtid, men så blei Mats Lepsøe spelt gjennom av Egil Thuen, og Lepsøe blei matchvinnar rett før kampen var over.

Nore Neset 2 var einaste av dei fem laga frå Os som hadde serieopning på heimebane.

Dei mangla keeper og sette Egil Thuen i mål. Han heldt buret reint og Nore Neset 2 vann heile 9-0 over Søreide 2.

Eitt poeng til Søfteland - null til Os 2 og 3

Søfteland starta serien borte mot Trio. Dani Bergstø gav Søfteland leiinga ti minutt før pause, men Trio utlikna i 82. minutt og kampen enda 1-1.

Os 2, som rykte ned i fjor, starta serien borte mot Juristforeningen. Rett skal vera rett, juristane vann 3-2.

Os 3 spelte borte mot Minde og tapte 6.4.

Tett med heimekampar denne veka

Onsdag klokka 18 speler 3. divisjonslaga Os og Lysekloster NM-kampar heime mot Nest-Sotra og Stord, laurdag speler Os heime mot Fjøra og Lysekloster borte - mot Stord igjen.

Også nedover i divisjonane er det mange heimekampar denne veka.

Fredag tar Søfteland imot Stord 2 mens Nore Neset speler mot Flaktveit og Os 3 mot BI Bergen.

Os 2 speler først måndag 1. mai, då heime mot Bjarg 2. Nore Neset 2 speler borte søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.