Sport | 18. sep. 2017

Vann 9-2 på heimebane

Søfteland rota seg nedover på tabellen etter ferien, men er no på vinnarsporet igjen.

Vann 9-2 på heimebane
Martin Røttingen Eidsvik skåra eit av Søfteland sine ni mål laurdag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. sep. 2017 19:07

Borte blei det berre 3-2-siger over Nordnes, heime vann Søfteland heile 9-2.

– Det var tidleg på sesongen og det er løye med det, då trur jo alle at dei kan vinna, seier trenar Raymond Pedersen om den knappe sigeren i vår mot det som no er botnlaget i avdelinga.

Heime på Stilvoll laurdag blei det målkalas. Stefan M. Bernsen skåra tre av Søfteland sine ni mål.

Søfteland - Nordnes 9-2 (4-1)
Målskårarar, Søfteland: Stefan Mauricio Bernsen 3, Henning Wold Gjelsvik 2, Erlend Sørås Storebø, Martin Røttingen Eidsvik og Niklas Linde.
Sjå fleire detaljar frå kampen på fotball.no

– Spesielt første omgang var strålande, kampen om poenga var i grunnen over etter ein halvtime. Vi fekk brukt heile stallen og vi heldt fram med å skåra mål, seier Pedersen nøgd.

Med mål om topp 4

Søfteland gjorde det bra både då dei var ny i 5. divisjon i 2016 og i vårsesongen i år.

– Til sommaren låg vi eitt poeng frå toppen, men etter tre tap på rad etter ferien var vi dessverre 10 poeng bak.

– Kva var årsaka til tre tap på rad? Har laget mista mannskap i ferien?

– Det er alltid nokon som er vekke, men vi kan ikkje skulda på kva tropp vi reiser med frå kamp til kamp. To av kampane var jamne, men blei dessverre poenglause. Serieleiar Trio var rett og slett berre betre enn oss, og leia 3-0 til pause.

Pedersen seier laget held fast med ambisjonen frå i vår, å landa på ein av dei fire øvste plassane.

Dei ligg allereie på 4. plass, to poeng bak Tornado Bergen, som dei slo 4-0 i førre runde. Det er seks kampar igjen, og Søfteland møter Solid på 2. plass (7 poeng framfor) i éin av dei.

– For at vi skal rykka opp (topp 2) er det fleire resultat som skal gå vår veg. No får vi først og fremst konsentrera oss om å slå Follese i neste runde.

Terminilste og tabell (fotball.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.