Sport | 11. juli 2009

Vann armkrigen!

Frode Veim Haugland vann laurdag den internasjonale konkurransen Arm Wars i Manchester.

Vann armkrigen!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juli 2009 23:02

Måndag kunne du sjå han på Eurosport frå førre Arm Wars i England, denne helga var han nok ein gong blant dei få inviterte deltakarane til den internasjonale turneringa.

- Sist var det berre show, no er det konkurranse og finalar, fortel Frode på telefon frå Manchester.

Vann 17 av 18 kampar
Konkurransen har åtte deltakarar i kvar vektklasse, og Frode, som er einaste norske deltakar, starta med kvartfinale i 85-kilosklassen mot ein engelskmann.

- For å gje publikum lit å sjå på, og for å vera sikker på å finna rett vinnar, let dei oss bryta seks gongar mot kvar motstandar.

Haugland vann alle seks kampane mot første motstandar, og starta med fem sigrar i seminfinalen, også den mot ein engelskmann.

- I siste runde sparte eg meg til finalen, så den fekk han.

Finalen gjekk mot ein tyskar, og denne vann Frode alle seks forsøka.

Fleire invitasjonar
Som fersk "Arm Wars World Champion" fekk den sterke osingen fleire invitasjonar til andre internasjonale konkurransar.

- I august blir det ny Arm Wars, då på Mallorca, i haust er eg invitert til internasjonale konkurransar fleire plassar i Europa.

- Men først skal vi gjera oss ferdige her borte, sundag er det bryting med venstre arm, seier Frode, som blei noregsmeister med både venstre og høgre arm i april i år.

Les meir om Arm Wars og sjå ferske bilde av vinnaren på worldofarmwrestling.com

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.