Lokal | 11. mars 2012

Vann båt til 50.000

VIDEO: Å kunna skilnaden mellom styrbord og babord lønte seg for Mathias Steinsvik (10).

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. mars 2012 19:21

Henriette Jargren Steinsvik lét sonen få viljen sin då dei var på biltur og høyrte på Radio1 sin båtliv-konkurranse.

– Mathias visste svaret på kva styrbord betyr og skulle absolutt delta, så han lånte telefonen min og sendte inn svaret (høgre, red anm) på sms.

Henriette er frå Os, men bur no på Straume saman med mannen Kåre André og borna Mathias (10) og Malin (7).

Vann båt

I dag var Henriette og ungane på båtmesse i Dolviken som finalist i Radio1-konkurransen.

– Det har vore kjempegod respons, fortel Arne Tvedt frå Radio1.

– Men det er ikkje rart med ein så fin premie, legg han til.

Båtens Beste sponsa premiane, sjølvoppblåsbare redningsvestar til alle og hovudpremien; ein båt av typen ISY 320 med 9,9 hk påhengsmotor, som enda hos Mathias med familie.

VIDEO (01:55): Sjå reaksjonen då Henriette og ungane oppdaga at dei hadde fått konvolutten med hovudpremien i!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.