Sport | 12. mars 2012

Vann begge finalane

I helga blei «Winter Challenge» i RC-bil arrangert i Os. Lars Henrik Fauske vann begge juniorklassane og hadde lagkameratar med seg på pallen.

Vann begge finalane
Lars Henrik Fauske (midten) vann begge juniorfinalane på heimebane i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. mars 2012 14:43

I helga var det bokstavleg talt full rulle fra tidleg laurdag til søndag ettermiddag då Bergen og Omegn MBK arrangerte stor løpshelg, kalla «Winter Challenge» i gymnastikksalen på Os skule.

– Os stilte med mange deltakarar i alle aldrar og gjorde det skarpt i fleire klassar, fortel Jostein Helland.

Juniorthrillar

Short Course Truck-klassen blei ein skikkeleg juniorthriller då så godt som alle deltakarar var born og unge. Her var det Steffen Amundsen frå Fana som sikra seg sigeren etter å ha vunne dei to første finalane.

Det var hard fight med blant anna Joakim Smaadal frå Os. Totalt stilte 16 unge og håpefulle RC-bilførarar i denne klassen, dei fleste fra Os.

Trippel Os

I klassane 2 WD og 4 WD buggy blei det arrangert eigne juniorfinalar i tillegg til dei ordinære finalane.

– Det var osingane Lars Henrik Fauske og Andreas Solberg Johannessen som til slutt kjempa om sigeren i begge klassane.

Lars Henrik dro det lengste stået i begge klassane og stakk av med dei største pokalene.

1:10 Offroad 2 WD junior:
1. Lars Henrik Fauske, Os / Asso B4
2. Andreas Solberg Johannessen, Os / Asso B4
3. Daniel Solberg, Os / Asso B42

1:10 Off Road 4wd, junior:
1. Lars Henrik Fauske, Os / Durango Dex410
2. Andreas Solberg Johannessen, Os / Asso B4
3. Håkon Engfeldt Espeland, Fyllingsdalen / Hoy Bodies D4

Noregsmeister frå Oslo

A-finalane i 2 WD og 4 WD blei ikkje så spennande som mange i miljøet er vant med. Til det var Ole Steen Karlsen frå Oslo MBK for suveren.

– Ole er ein av Noregs aller beste førarar. Han vann alle dei tre finalanei begge klassane og avgjorde dei fleste i god tid før målpassering.

I 4 WD var det kompisene Ørjan Amundsen og Svein Erik Haaland frå Fana som var nærmast Ole sitt tempo, og blei nummer 2 og 3.

Osing fekk sølv

I 2wd var det igjen Ole Karlsen som sette standarden. Også her blei det storeslem for Oslo-guten som for tida studerer i Bergen.

Her var det et kobbel av førere som kjempet om plassene like bak Ole. Til slutt var det eks-radøyværing, no osing Jostein Helland, som tok sølv. Svein Erik Haaland fekkbronse.

– Det var bra med folk innom og meir eller mindre fullt hus heile helga. Klubben håper på fleire slike løpshelger i Os framover, seier Helland.

1:10 Offroad 4 WD:
1. Ole Steen Karlsen, Oslo / Asso B4
2. Ørjan Amundsen, Fana / Durango Dex410v3
3. Svein Erik Haaland, Fana / Durango Dex410

1:10 Offroad 2 WD:
1. Ole Steen Karlsen, Oslo / Asso B44
2. Jostein Helland, Os / Kyosho RB5
3. Svein Erik Haaland, Fana / Kyosho RB5

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.