Vann Haugesund Cup
Mange gode lag var samla til Haugesunds Sparebank Cup, men ingen så gode gutelag som Os.
Os sine gutelag har hatt ein god sesong, der førstelaget til sommaren rykte opp til 1. divisjon, der dei no ligg på 2. plass to rundar før slutt.
Os 2 og Os 3 landar begge på 2. plass i divisjonen under, der Nore Neset toppar den andre.
I helga var Os Fotball til Haugesund med førstelaget i gutar 16 til Djerv 1919 si turnering som samlar fleire av dei beste laga i haugesund-, stavanger- og bergensområdet.
– Vi fekk god motstand, men kom oss greit gjennom innleiande rundar, der vi også fekk brukt heile den 19 mann sterke troppen vår, seier hovudtrenar Odd Jarle Hjelle.
Vann tre kampar med eitt mål
I sluttspelet blei det naturlegvis endå betre motstand, men Os hadde det som skulle til.
– Både kvartfinale, semifinale og finale vann vi med eitt mål. Vertane som vi møtte i finalen var veldig gode, der blei det helt jamt.
– Men når du speler korte cupkampar på 2 x 20 minutt så er mykje gjort i det du skårar eitt mål, og det klarte vi.
Eit innlegg frå sida blei heada i mål av Erik Skorpen i midten av første omgang og 1-0 sto seg finalen ut.
Viktig heimekamp torsdag
Os 1 har to rundar igjen, men berre små, teoretiske sjansar på å vinna førstedivisjon.
– Brann ligg seks poeng framfor oss, eg tviler på at dei taper dei to siste.
– Men vi vil kjempa for å halda 2. plassen, først på heimebane, så borte mot Åsane på 3. plass i sisterunden, seier Hjelle.
Kampen heime startar klokka 20 torsdag.