Lokal | 08. okt. 2011

Vann hummar-veddemål

Det årlege veddemålet mellom hummarfiskarane frå Halhjem enda med siger til Vermund Halhjem.

Vann hummar-veddemål
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. okt. 2011 17:39

Kvart år samlast dei til fest i naustet dagen før hummarfisket startar, kvart år veddar dei om kven som får den største hummaren i løpet av den første veka.

– I år var vi 13 som deltok. Vi kasta 100 kroner kvar i potten, men pengane betyr ingenting i denne samanhengen, dette er prestisje, seier Vermund Halhjem.

Les òg:
Fetrar med flaks

2 kilo og 36 centimeter

Klokka 14.00 i dag blei Vermund kåra til vinnar. Kameraten Isaac Lekven trudde han skulle stikka av med sigeren med sin fangst på 33,6 cm, men så kom Halhjem med ein på 36 cm.

Vinnarhummaren vog beint 2 kilo og blei fiska i dag.

19 hummarar på éi veke

I tillegg til vinnarhummaren fekk Vermund fire andre av rette sort på stampen i dag.

– I tillegg til finvêret blei dette beste fangstdagen. Svogeren min frå Lillestrøm er på besøk og var med meg og drog, så det var stor steming i båten!

– Men resten av veka har ikkje vore så verst den heller, eg fiskar med 10 teiner og har tatt 19 på ei veke.

Fekk havål i går

Halhjem er nøgd med dei store teinene han kjøpte hos Skagerak Not og Trål før fisket starta.

– Dei har fiska veldig godt. Det som var litt morosamt i dag var at teina eg fekk den store hummaren i er den same som eg i går fekk ein havål på 1,5 meter i. Den kasta eg uti igjen.

Bra møte før start

Vermund, som i tillegg til å ha fiskelykke, er nestleiar i småfiskarlaget, synes også at oppvarminga til årets hummarfiske var bra.

Møtet vi hadde i Oselvarnaustet blei minst like bra som vi hadde håpa på, med veldig godt oppmøte og flinke foredragshaldarar frå Kystvakten og Havforskingsinstituttet, seier Halhjem nøgd.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.