F.v. Jan Konrad Olseth (Magnus M. Thunestvedt AS), Tor-Ove Lussand (ABB AS), regionvegsjef Helge Eidsnes og Magnus Thunestvedt. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)

Vann i retten: Signerte rekordstor elektro-kontrakt

E39: No er det avgjort kven som blant anna skal legga 100 km med fiber og montera over 400 kamera mellom Svegatjørn og Rådal.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag skreiv Statens vegvesen sin største elektro-kontrakt nokosinne, bygging av alle elektrotekniske anlegg, styring, regulering og overvaking for heile E39 Svegatjørn–Rådal, ein entreprise på 382 millionar kroner.

Arbeidet skal utførast av arbeidsfelleskapet Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen og ABB AS i Asker, skriv vegvesen.no.

I juli refererte vi til BA.no og fortalte at det store E39-prosjektet kunne bli utsett grunna usemje om anbodsrunde og kåring av vinnar. Bravida Norge AS på andreplass påpeikte at ABB og Magnus Thunestvedt AS ikkje oppfylte alle krava i konkurransen. Sidan har saka vore oppe to gongar i Oslo byfogdombod.

400 kamera og 260 telefonar

Kontrakten inneheld blant anna 125 km med el-kablar, 100 km med fiber-nett, 5.330 lysarmaturar og 1.150 ledelys i tunnel.

Dessutan blir det 550 opplyste skilt, over 400 kamera, 260 nødtelefonar og over 100 ventilasjonsvifter.

Arbeidet vil truleg rullast ut frå Svegatjørn , der arbeider med innreiing av tunellane har kome lengst.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Om E39 Svegatjørn-Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

Mellom Svegatjørn og Rådal er 10,7 av 11,8 km i tunell
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km

Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km
• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå)
Finansiering: 40/60 bompengar/stat
Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
Antatt ferdig i 2022

Fleire saker