Fotball | 08. nov. 2012

Vann kampen, men ikkje tittelen

Os gutar 16 var kretsmeistrar i 30 minutt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. nov. 2012 23:06

Torsdag spelte Os, som har leia 1. divisjon i gutar 16 i haust, siste og avgjerande kamp.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Os har kjempa mot Fyllingsdalen om toppen av tabellen, og i nest siste runde gjekk Fyllingsdalen forbi på målforskjell.

I dag spelte Fyllingsdalen mot Sandviken/Varegg på 11. plass, Os spelte mot Tertnes på 3. plass.

Os måtte vinna sin kamp med eitt mål meir enn Fyllingsdalen for å stikka av med både seriegullet og kretsmeistertittelen.

Det låg dei ei god stund an til å klara. Os leia 2-0 til pause, i Fyllingsdalen sto det 0-0 til pause.

– I første omgang kan vi takka keeper Mikal Brekke og litt flaks for at ikkje gjestane skåra. I 2. omgang var det dessverre stang ut, seier trenar Bjørn Mjelva.

Os tok styringa og var mest offensive dei første 10 minutta, men så hadde Tertnes både stolpeskot, godt skot som keeper redda og ein stor sjanse som enda utanfor. Men Os overtok spelet og tok leiinga då Adrian Valle heada inn eit innlegg av Emil Havrén i 18. minutt. Bjarte Halhjem auka til 2-0 på straffe før pause.

Redusering og stolpeskot

I 2. omgang starta Tertnes best, og akkurat då Os hadde overtatt litt av spelet kom dei først på ein sjanse som Brekke redda, så var det ein liten glipp på den glatte banen og Tertnes reduserte.

– Få minutt etter tikka det inn sms om at Fyllingsdalen hadde tatt leiinga, seier Mjelva.

Os pepra på med sjansar, blant anna frispark få centimeter utanfor av Emil og i tverrliggar av Lars Erik Lunde. Men Os, som trengte to mål til etter Tertnes si skåring, klarte ikkje å få ballen i nota i 2. omgang.

Os - Tertnes 2-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Adrian Valle og Bjarte Halhjem (straffe)

Fyllingsdalen slo Sandviken/Varegg 2-0 og Os må nøya seg med 2. plassen og a-poeng med Fyllingsdalen og fleire skåringar enn årets kretsmeistrar.

SJÅ TABELL

VIDEO (03:49): Sjå skåringane og høgdepunkta i kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.