Sport | 31. mai 2016

Vann KM i langdistanse

Turid Rongsvåg frå Os orienteringsklubb blei krinsmeister i langdistanse-orientering laurdag etter sekundstrid.

Vann KM i langdistanse
Turid Rognsvåg blei krinsmeister i langdistanse-orientering laurdag (foto: Os orienteringsklubb)
Andris Hamretirsdag 31. mai 2016 12:20

Laurdag var orienteringsfolket samla på Fanafjellet for krinsmeisterskap i langdistanse-orientering. Os OK stilte med 7 deltakarar og fekk klubben sin første krinsmeister då Turid Rongsvåg løp inn til siger i veteranklassa for damer over 50 år.

– Turid er den første meisteren vår. Ho gjekk opp i leiinga på langstrekket der ho hadde den klart beste strekktida i klassa, men det var inga enkel siger. Ho hadde ein jamn kamp med Lise Christensen frå TIF Viking. Kampen blei først avgjort då Lise tapte nokre sekund på den eine posten.

– I mål var Turid 35 sekund før Lise, fortel Tommy Sævareid, leiar i Os orienteringsklubb i ei melding til Midtsiden.

Matias på fjerde plass

Langdistanse-orientering er som namnet seier eit løp kor det er lengre avstand mellom postane enn normalt. I løpet på Fanafjellet var det lengste strekket på 1850 meter i luftlinje med minst fem aktuelle vegval for utøvarane.

– I tillegg til Turid gjorde Matias Pontoppidan det sterkt i klassa H13-14 kor han løp inn til ein flott fjerde plass og blei premiert. Også Marie Herigstad i D70 og Andreas Berge i B-open gjorde gode løp, fortel Sævareid.

163 utøvarar stilte til start i det litt kalde vårlege regnvêret laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.