Sport | 25. jan. 2018

Vann med 10 mål - etter 11 tap på rad

– Vi mangla eit par mann, men spelte smart, seier spelande trenar Alexander Heggø.

Vann med 10 mål - etter 11 tap på rad
Trygve Lerch Dahl fekk frimerke på seg i gårsdagens kamp. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. jan. 2018 08:52

Herrelaget til Os har hatt ein tung sesong og har slutta å tenkja på å berga plassen i 3. divisjon.

– Vi har nokre flinke ungdomar som trener mykje, og nokre erfarne spelarar som hjelper til. Men samla sett er vi ikkje mange nok som trener ofte nok til at vi får skikkeleg sving på det, sa trenar Alexander Heggø etter førre bortekamp.

Resultata har betra seg gradvis. Før gårsdagens bortekamp mot Stord 2, det einaste laget som ligg lågare på tabellen, hadde Os tapt to jamne kampar 18-20 og 26-29.

No har dei fått sin første siger for sesongen!

– I går måtte vi klara oss utan Nils Hamre og Joakim Blostrupmoen, men vi spelte smart og vi kriga Stord 2 ut av stilen.

Onsdag 24/1:
Stord 2 - Os 21-31 (6-17)

– Stord 2 stilte med fleire flinke 17-18-åringar, og eit par seniorar som kom ned frå førstelaget for å hjelpa til. Vi drog i periodar ned tempoet, noko som gjorde dei utålmodige då dei endeleg fekk ballen. Dei skaut etter få sekund og ballen gjekk alle vegar, seier Heggø og ler.

Os sette forsvaret tidleg og Einar Godø sto godt i mål.

– Alle skåra mykje

– Vi leia 6-0 før Stord 2 fekk sitt første mål. Ein periode leia vi med 15-16 mål, men så rota vi litt mot slutten.

Heggø skåra sjølv 7 mål, inkludert to frå straffemerket. Trygve Lerch Dahl fekk frimerke på seg.

Erik Vågen sette 6 og Egil Thuen, som har vore med dei to siste kampane, skåra 4 mål.

– Alle som spelte angrep skåra mykje, dette var ein skikkeleg lagsiger, meiner Heggø.

Tar imot serieleiaren

Neste kamp går heime mot serieleiar Viking TIF 2 søndag (kl 17.45). Bortekampen mot Viking 2 tapte Os med berre eitt mål (30-29).

Så kjem tre veker utan kamp før Os skal spela borte mot Sogndal, som ligg rett over dei på tabellen.

Gårsdagens motstandar, Stord 2, kjem til Oshallen i serieavsluttinga 24. mars.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.