Sport | 21. feb. 2018

Vann med 37 mål!

Os spelte på seg godt med sjølvtillit mot Sotra. No står fire avgjerande rundar igjen.

Vann med 37 mål!
Thiet Dang blei toppskårar med 10 mål i gårsdagens braksiger over Sotra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. feb. 2018 08:09

Bildeserie:

Os leia 25-7 til pause og starta 2. omgang med eit smil. (Foto: KVB)
Os leia 25-7 til pause og starta 2. omgang med eit smil. (Foto: KVB)
Hilde Kristine Røttingen skåra 8 mål. (Foto: KVB)
Hilde Kristine Røttingen skåra 8 mål. (Foto: KVB)
Det gjorde Line H. Berentsen òg. (Foto: KVB)
Det gjorde Line H. Berentsen òg. (Foto: KVB)
Marie H. Håland skåra 6 mål. (Foto: KVB)
Marie H. Håland skåra 6 mål. (Foto: KVB)
Nora Berge putta 5. (Foto: KVB)
Nora Berge putta 5. (Foto: KVB)
Liv Pauline Lunde skåra 2. (Foto: KVB)
Liv Pauline Lunde skåra 2. (Foto: KVB)
Det same gjorde Frida Lyssand. (Foto: KVB)
Det same gjorde Frida Lyssand. (Foto: KVB)
Os sleppte inn berre tre mål etter pause. (Foto: KVB)
Os sleppte inn berre tre mål etter pause. (Foto: KVB)
Det var ikkje mange som opplevde målkalaset frå tribunen. (Foto: KVB)
Det var ikkje mange som opplevde målkalaset frå tribunen. (Foto: KVB)
1 av 9

Det blei som venta målrikt då Os tok imot Sotra til botnoppgjer i 2. divisjon i går. Os vann 35-15 borte, men klarte nesten å dobla målforskjellen på heimebane.

– Sjølv om vi veit at Sotra ikkje har gjort det så bra i år, er dette veldig bra av oss, synest assistenttrenar for Os, Gitte Torp.

– Planen var å gjera det vi er gode på, å køyra sikre ting, men å gjera det med tempo. Det fungerte godt.

Os leia 25-7 til pause og vann 47-10!

– 25 mål før pause er tilsvarande det vi ofte skårer på ein heil kamp. Å berre sleppa inn 7 og 3 mål per omgang er òg veldig bra.

Målkalas

Torp gler seg spesielt over at Os skåra heile 47 mål.

Heimelaget gjekk frå 2-1 til 6-1 og vidare til 13-2. Etter pause gjekk det over 11 minutt før gjestane skåra. Då sette dei tre mål på rad utan Os-nettkjenning i mellom. Det blei òg dei einaste måla Os slapp inn i omgangen.

Thiet Dang blei toppskårar med 10 mål, Hilde Kristine Røttingen og Line Hjelle Berentsen sette inn 8 kvar.

– Vi har slite litt med å skåra i det siste, men i dag var det mange som fekk det til. Det gir ein herleg boost inn mot dei siste kampane.

Os - Sotra 47-10 (25-7)
Os: Tiril Grønvigh, Marlene Sund, Thiet Dang 10, Hilde Kristine Røttingen 8, Line Hjelle Berentsen 8, Mia Torp Nielsen 6, Marie Henriksen Håland 6, Nora Berge 5, Frida Lyssand 2, Liv Pauline Lunde 2, Ayleen Akyüz Hagen, Irmelin Catarina Munch Lund og Emma Lyssand.

Os er apoeng med Bjørnar og Stord, som har éin og to kampar mindre spelt, men ligg trass braksigeren i går bak på målforskjell. Både Bjørnar og Stord er bland Os sine fire siste motstandarar.

Dette er dei fire siste kampane til Os (med resultat frå førre oppgjer i parantes).
10/3 Os - Nit/Hak (tapte 27-25 borte)
14/3 Stord - Os (vann 19-18 heime)
20/3 Os - Bjørnar (tapte 33-21 borte)
8/4 Os - Fana 2 (tapte 32-30 borte)

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.