Bettina starta NM med 9,2 i snitt i innleiande runde, sette ny pers og tok til slutt NM-gull innandørs i Lillestrøm. (Privat foto)

Vann NM-gull i bogeskyting

Fleire treffsikre frå Os: Bettina Moberg Johansen vann NM-gull både individuelt og saman med Asbjørn Olav Orvedal og Karl-Ludvik Tøsdal. Også Vik-Larsen tok gull.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Regjerande noregsmeister utandørs, Bettina Moberg Johansen (15), tok bronse i NM innandørs på denne tida i fjor.

I helga var det på ny NM under tak, og i Lillestrøm gjekk dei fleste pilene midt i midten.

– Eg sette ny personleg rekord med 551 poeng av 600 moglege i innleiande runde, fortel Bettina.

I innleiande runde skyt deltakarane 60 piler (20 rundar med 3 piler i kvar). Bettina oppnådde med andre ord eit snitt på 9,2!

(Klubbkameratane Asbjørn Olav Ovredal, Håkon Strømland Johnsen og Karl-Ludvik Tøsdal sette noregsrekord med 7,6 i snitt på 90 piler i fjor).

Spennande semifinale

Etter innleiande runde er det cupsystem, der deltakarane slår kvarandre ut fram mot finale.

– Du får 2 poeng for rundesiger. Førstemann til 6 poengvinn kampen. Blir det 5-5 så er det «shoot out». Semifinalen var den meste spennande, der leia eg 5-3 og var nær shoot out, men vann 7-3, fortel Bettina.

Også i finalen blei det siger, og Bettina er no regjerande noregsmeister både utandørs og innandørs.

Bronse til Karl-Ludvik, gull til laget

Mange av skyttarane i Fana Bueskytterklubb er frå Os.

Bettina var ikkje den einaste frå Os som tok individuell medalje.

Karl-Ludvik Tøsdal tok seg nesten heilt til finalen, og endre med NM-bronse.

Bettina og Karl-Ludvik stilte saman med Asbjørn Olav Orvedal i lagkamp. Asbjørn tok seg eit stykke individuelt, men blei slått ut i kvartfinalen.

I lagkamp blei det gull til dei tre unge, talentfulle bogeskyttarane.

Gull til Andreas

Instruktør Endre Vik Larsen flytta med familien til Os i 2013. Broren Andreas tok også gull i helga.

Andreas skyt i klassen «instinkt» kadett, med boge av tre, utan sikte.

Andreas fekk 349 poeng i kvalifiseringa laurdag og vann finalen søndag.

Fleire saker