Vann Noregs dyraste pris
60 grader Nord-gallaen: Ærespris verdt 150.000 kroner til Pål Wincents. Her er alle prisvinnarane og bilde frå festen.
Pål Wincents, kjent frå filmar som Jenta fra Oz, Problembarna og Værekraft, fekk laurdag kveld 60 grader Nords ærespris.
– Pål har skapt debatt, både i Os og i resten av landet, han gjeve ei stemme til dei som ikkje har ei stemme, sa juryen før Wincents kunne koma fram og få kveldens gjevaste pris; æresprisen, også i år donert til filmfestivalen i Os av kunstnar Marton Varo.
Skulpturen har ein verdi på rundt 150.000 kroner noko som ifølgje 60 grader Nord-arrangørane gjer den til Noregs dyraste filmpris.
Bjørø beste nykomar
Også filmskapar Rolv Lyssand Bjørø, som var på festivalen med to kortfilmar dei to første festivaldagane, men som no er på festival i Berlin, fekk pris.
Bjørø var med Skyggelys nominert i kategorien beste kortfilm, men det var Kompassprisen (årets beste nye talent) han vann.
Mykje skryt til Os
Fleire andre filmskaparar var på plass under kveldens galla. Begge dei utanlandske prisvinnarane som var i salen heldt flott takketalar til arrangørane i 60n.
Dei sa mykje fint om både festivalen og folka bak, og om Os og kor godt har blitt mottatt her.
Eit fantastisk show
Før, innimellom og etter prisutdelingene var det fest og underhalding - frå mingling i foajeen til opning med ein fortryllande trommesolo av Magne Lunde, Fonos, musikk av William Hut, Annveig Myklebust Fjellstad, KingCalling, ORBO, Shaun Bartlett og Richard Myhre Gåssand.
Alt var styrt med morosam jernhand av Anne Marie Aarøen Vangsnes.
Midtsiden kjem tilbake med video og meir om festen ...
HER ER ALLE PRISVINNARANE
(... og dei andre nominerte)
Kortfilm:
Suspekt (Tyskland)
It’s natural to be afraid (UK)
Bulldog (UK)
Skyggelys
Dokumentar:
Cheer Ambassadors (Thailand)
Written in Ink (Polen)
Carbon for Water (US)
Salaam Rugby (NZ)
Spelefilm:
eMANNzipation (Tyskland)
Supporting Characters (US)
The People You Know (US)
Benny Loves Killing (UK)
Kompassprisen (beste nye talent):
Torfinn Iversen
Vegard Fjærvoll
Kjell-Gunnar H. Knudsen
Rolv Lyssand Bjørø
Publikumsprisen: Little King
Grand prix (best in show): Supporting Characters
60 grader Nords ærespris: Pål Wincents