Vann prestisjefylt pris
Thuen & Matre As vann i helga den prestisjefylte prisen «Årets nykommer 2015» då MECA-kjeden var samla i Budapest.
Bildeserie:
Bilverkstaden Thuen & Matre i Industrivegen skifta i fjor kjede og blei ein del av MECA-kjeden.
Sist helg samla kjeden alle medlemmane til fagleg påfyll og vitjing hos leverandørar. Turen gjekk til Budapest kor ein mellom anna vitja Bosch og Bosal.
I tillegg til det faglege arrangerte ein òg den årlege gallamiddagen, kor dei beste verkstadene skulle kårast.
I klassa for Årets nykommar vann Thuen & Matre i konkurranse med Enviro Bil Nesbru as og Kaldheims Auto as.
– Kategorien årets nykommer MECA er ein pris som deles ut til ein verkstad som har blitt medlem i kjeda det siste året. Verkstaden har vist stor evne til å tilpassa seg kjedekonseptet både når det gjeld profilering, marknadsføring og kursdeltaking. Det er framleis eit stykke å gå for å etterleve konsepttanken heilt ut, men fokus og vilje tilseier at vegen er kort, sa markedsdirektør Tore Stensbøl og marketingansvarleg Hilde Nagel i samband med utdelinga.
Vinnar av årets verkstad blei Tech´s as i Hammerfest.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.