Lokal | 19. okt. 2016

Vann pris for trusopplæring

Skapingsdagene til Os kyrkjelyd vann trusopplæringsprisen 2016 i konkurranse med 24 andre.

Vann pris for trusopplæring
Skapingsdagene til Os kyrkjelyd vann prisen for trusopplæring 2016 (foto: Os kyrkjelyd)
Andris Hamreonsdag 19. okt. 2016 10:26

IKO - Kyrkeleg pedagogisk senter har sidan 2001 årleg delt ut trusopplæringsprisen, tidlegare dåpsopplæringsprisen, til menigheiter, organisasjoner eller grupper som på ein særleg måte har fremma trusopplæring.

Til årets kåring kom det inn 24 forslag frå heile landet, kor tre av tiltaka blei nominert:

  • Skapingsdagene i Os kyrkjelyd
  • Naturkul i Eidfjord kyrkjelyd
  • LUPY - Bondelia, Ynglingen på Gjøvik.

Vinnaren blei Skapingsdagene i regi av Os kyrkjelyd.

Dette er Skapingsdagene

Skapingsdagane er eit tidsavgrensa breiddetiltak for 1. og 2. klassingar i Os kyrkjelyd. Dette er eit heildagstilbod som går av stabelen dei 3 første dagane etter skuleslutt, i sommarferien. Borna får lære om Gud som skapar. Kvar morgon vert alle samla i kyrkja om temaene «Skapt i Guds bilete», «Skapt til fellesskap» og «Skapt til å dele». Barna får knytte kunst og bibelforteljing saman gjennom å skape sjølv. Lokale kunstnarar leier skapingsøkter der barna kan velje mellom foto, maling, leire, kreativ dans, trommesirkel og teater. Det er også faste aktivitørar og ein hobby- og leikestasjon som er tilgjengelege heile tida. Dagane vert avslutta med ei skapingsgudstjeneste. Skapingsdagane er eit alternativ til andre sommarskuletilbod, og fyller eit behov for aktivitet og samvær når foreldra er på jobb. Tiltaket har eksistert i to år, og i år deltok 75 barn.

Juryen si grunngjeving

«Vinnaren av årets pris har ein gjennomgåande tematikk som vert knytta til fellesskap og skaparglede. Det går ein raud tråd frå grunnleggjande tenking til innhaldet i andakter, planar og arbeidsformer. Alle leiarane, også dei eksterne kunstnarane, er med fra planlegging til gjennomføring. Borna blir invitert til å bruke skaparevner med og for kvarandre. Å «skape», å «vere» og «gjere saman» står sentralt. At borna er medskapande er ein styrke ved prosjektet. Å realisere barn si medvirking i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete.

Prosjektet er forankra i dei lokale planane og vert fulgt opp av tiltaksfaddarar. Den lokale planen uttrykkjer eit ønske om å få det rike kulturlivet inn i kyrkja. Prosjektet bidreg til å realisere dette ønsket.

Juryen trur at samarbeidet med lokale ressurspersonar og ideen om å ha ein sommarskule i kyrkja, kan være til inspirasjon for mange.

Ein av kunstnarane skriv mellom anna: «Denne prosjektgruppa … har med sin jobb med ungane skapt ei stemning og eit engasjement blant born og vaksne som eg ikkje har sett liknande til på fleire år. Eg … kjenner meg privilegert over å ha fått delta og vere ein del av denne kultureksplosjonen»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.