Jubel etter dagens semifinale mot Gneist. I morgon er det finale mot Asker. (Privat foto)

Vann semifinalen i Adidas Cup

I morgon speler Nore Neset/Os finale i uoffisielt NM.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I august tok Nore Neset/Os J17 seg til finalesluttspel i Adidas Cup med ein sterk 4-1-siger over Vidar.

Kampen gjekk på «halvvegen» i Haugesund. Denne helga er det finalar i Gjøsvik.

I dag blei det nok ein siger.

Nore Neset/Os - Gneist 1-0 (1-0)
Målskårar: Agathe Lekven
Nore Neset/Os: Anne Noss Nordvik, Thale Strønen Skeie, Kine Ullensvang Moland, Ingeborg Hernes Leonsen, Helene Søviknes, Anna Rød, Inger Christine Zhen Foldrup, Martine Nagelsen-Balland, Agathe Cøllestine Lekven, Karoline Louise Hevrøy, Lenea Hjelle Fløysand, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celina Eide Døsen og Hedda Stamnes Lindbom.

– Jentene spelte knallbra i kvartfinalen, det gjorde dei òg i dag. Vi slo Gneist J15 i fjor, men har aldri før slått J17-laget til Gneist, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.

Nore Neset/Os speler opp ein årsklasse.

Troppen består av éin 17-åring, ti 16-åringar og tre 15-åringar.

Han seier jentene dominerte store delar av kampen, men å skåra blei krevjande. Sjølv om 1-0 kom før pause var det spenning kampen ut.

Eit av måla med sesongen

NFF arrangerer NM i J16 og J19 (Telenor Cup). Adidas Cup er den største nasjonale cupen for andre årstrinn.

Hovudmålet for Nore Neset/Os i år var Norway Cup, der administrativ glipp sendte laget til B-sluttspel.

– Kor høgt rangert er Adidas Cup i planane og målsetnadane til Nore Neset/Os?

– I fjor rauk vi ut i kvartfinalen, eit av måla med årets sesong var å nå finalesluttspelet, altså semifinalen. No er det godt å veta at det er finale som ventar oss i morgon, ikkje bronsefinale. Vi er nøgde med dagen i dag, men går naturlegvis for siger i morgon òg!

Finalemotstandaren sin historikk

I puljespelet heime i Hordaland slo dei Fana (7-0), Sotra (3-2) og spelte 2-2 mot Gneist.

I finalen ventar Asker, som vann 3-1 over Ekholt i den andre semifinalen.

Asker vann 2-0 over Norway Cup-vinnar Fyllingsdalen i kvartfinalen.

Nore Neset slo Fyllingsdalen i KM-finalen i fjor. I serien i haust blei det 3-3.

Fleire saker