Sport | 23. feb. 2012

Vann skulecupen

Jentene ved Os ungdomsskule var suverene og blei best i skulecupen i handball. Finalen vann dei 15-11.

Vann skulecupen
Jentene på Os ungdomskule vann skulecupen i handball (privat mms-foto/Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. feb. 2012 14:57

Kvar vinter arrangerar Noregs handballforbund Region Vest skulecup for barne-, ungdoms- og vidaregåande skuler. Frå Os var det berre jentene på ungdomsskuletrinnet som tok seg til sluttspelet.

Der var dei også i fjor, men måtte sjå seg slått med eitt fattig mål etter første målet-vinn i ein thrillarfinale mot Blokkhaug skule frå Åsane.

Sluttspelet blei arrangert i Haukelandshallen torsdag med kvartfinalar, semifinalar og finale.

I kvartfinalen møtte Osjentene nettopp finalemotstanderane frå i fjor. Jentene var klare for revansje og feide motstanderane av banen med solide 19-1!

Semifinalen blei ein meir spennande batalje kor Fjell frå Sotra sto på motsatt banehalvdel. Etter 18 minutt var det heile avgjort og Os kunne jubla for finaleplass med 12-10-siger.

Lagsiger

Finalen gjekk mot Gimle, som består av jenter som til dagleg speler handball i Årstad. Osjentene hadde god kontroll og kunne løfte pokalen etter 15-11.

- Dette var ein lagsiger. Jentene spelte med stort tempo og masse speleglede.

- Alle spelte like mykje og var like deltakande i at meisterskapet gjekk til Os, strålar lagleder Elisabeth Aga.

Dei fleste av jentene på Os speler til dagen på Os Turn sitt J96-lag. Sist Os ungdomsskule vann skulecupen i handball var i 2008.

Spelerane som bidrog til sigeren var: Vilde Brattabø, Toril Sandven, Ragnhild Hernes Leonsen, Julianne Hjelle, Silje Martine Årseth, Marie Haringstad, Elise Aga, Marte Haugsdal, Anna Bjørke Kallestad, Silja Lunde Espelid, Ann Kristin Lyssand og Mariel Åsen.
Lagleiarar: Julian Karlsen og Elisabeth Aga

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.