Sport | 03. mars 2019

Vann sølv i VM allround!

Calgary: Lunde Pedersen persa på 10.000 meter og sikra sølv i VM allround.

Vann sølv i VM allround!
I Inzell blei det gull og to sølv (bildet), i dag fekk Sverre sølv i VM allround. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mars 2019 22:33

I går tok Sverre 3. plass på både 500 meter og 5000 meter. Tidlegare i kveld vann han 1500-meteren, men utan å klatra frå 2. til 1. plass samanlagt før 10.000-meteren.

Sverre gjekk 10.000 meter mot Duowe de Vries i tredje av fire par.

– Han ligg an til ny personleg rekord, men må nok auka farten meir for å legga press på Roest og Kramer, sa kommentatorane etter 7000 passerte meter. Men han fekk seg ein støkk på slutten av 5000-meteren i går, så det er naturleg at han har starta roleg.

Sverre Lunde Pedersen gjekk i mål på 12.56,92, og knuste sin eigen personlege rekord på 13.02,42 frå november 2017 (Sørmarka Arena, Stavanger).

Han landa på 3. plass på 10.000 meter og 2. plass allround. Som i fjor, då han ramla frå gull.

– Målet var å vinna, men Roest var sterk denne helga, spesielt på dei to lengste distansane. Han vinn fortent, seier Sverre til NRK.

Lunde Pedersen slo de Vries, men ikkje leiartida til Ted-Jan Bloemen (12:53.15) som gjekk i første par, og la seg på 2. plass før Patrick Roest og Sven Kramer i siste par. Roest og Kramer låg på 1. og 3. plass samanlagt før start, Roest med +4,54 å gå på, Kramer nesten 14 sekund bak Sverre.

Roest gjekk stødig inn til 1. plass på 10.000 meter og sikra gullet samanlagt, Kramer gjekk inn på 4. plass og tok 3. plass samanlagt.

Sånn såg topp 5 ut samanlagt før 10.000 meter
1. Patrick Roest
2. Sverre Lunde Pedersen +4,54
3. Sven Kramer +18,26
4. Douwe de Vries +29,50
5. Sindre Henriksen + 50,14

Topp 3 - 500 meter:
1. Antoine Gélinas-Beaulieu 35.53
2. Patrick Roest 35.74
3. Sverre Lunde Pedersen 35.85 (ny pers)
(9. Sven Kramer)

Topp 3 - 5000 meter:
1. Patrick Roest 6:08.27 (ny pers)
2. Sven Kramer 6:08.83
3. Sverre Lunde Pedersen 6:10.10

Topp 3 - 1500 meter
1. Sverre Lunde Pedersen 1:43.11
2. Patrick Roest 1:43.31 (ny pers)
3. Sven Kramer 1:43.87
(4. Sindre Henriksen 1:44.18)

Sterk sesong blir avslutta neste helg

I starten på februar tok Fana-løparen Sverre Lunde Pedersen frå Os tre medaljar i VM enkeltdistansar i tyske Inzell; gull, banerekord og ny, norsk rekord på 5000 meter og sølv i lagtempo og på 1500 meter.

Tidlegare denne sesongen har han vunne EM-bronse og tatt 1. plass, 2. plass og 3. plass på 5000 meter i verdscupen.

Sverre kan allereie sjå tilbake på ein knallgod sesong. No står eitt løp igjen, verdscupavslutting i Salt Lake City i USA neste helg.

Lunde Pedersen leiar verdscupen samanlagt på 5000 meter, eitt poeng framfor russiske Alexander Rumyantsev.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.