Sport | 15. mai 2012

Vann Vårspretten

Endeleg gamal nok til sluttspel: Os Turn sine gutar 12 slo til og vann Vårspretten.

Vann Vårspretten
Vinnarlaget: Bak frå venstre: Kay, Andreas, Marcus, Simen, Fabian, Håvard, Sander, Jonas. Første rekke: Lasse, Espen, Solveig, Ludvig, Steffen.  (privat foto)
Andris Hamretirsdag 15. mai 2012 19:13

Fram til 1. mai har dei talentfulle gutane til Os Turn berre spelt kampar og turneringar utan sluttspel. Difor var spenninga stor då dei endeleg kunne vera med i den tradisjonsrike Vårspretten i Haukelandshallen med sluttspel.

- Vi spelte bra i dei innleiande kampane og blei puljevinnarar etter å ha slått Kjøkkelvik og Årstad og spelt uavgjort mot Sotra, fortel Ostrenar Solveig Sønnøve Hamre.

Spennande semi

I kvartfinalen feide Os Fyllingen enkelt av banen og vann 9-2. Semifinalen blei derimot ein thriller av dei store.

- Vi møtte Gneist, eit lag som vi har tapt mot i seriekampar tidlegare i vinter.

- I semifinalen viste gutane kva dei er gode for og heldt hovudet kaldt heile vegen.

- Du kan tru vi jubla då vi kunne gå av banen med 7-5 siger, fortel trenaren.

Jamnt til pause

I finalen møtte Os igjen Sotra som dei spelte uavgjort mot i innleiande runde.

- Eg var ikkje helt nøgd med den uavgjorte kampen, så vi hadde fryktelig lyst å vinna i dag.

Fram til pause følgde dei to laga kvarandre tett med Os foran med 3-2 leiing.

- I pausen fekk gutane beskjed om at dei måtte tørre å skyte meir.

- Eg tykkjer eigentleg at vi hadde god kontroll utover i omgangen og var ikkje redd for at det ikkje skulle gå vegen, avsluttar ein stolt Ostrenar.

Os vann tilslutt 8-4. Neste oppgåve for Osgutane før dei tek ferie blir Storhamar Cup i pinsen kor dei reiser samen med omlag 140 andre frå Os Turn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.