midtsiden

Vann vindjammeren

Medan Marlin hamna på 6. plass gjekk Lady K. heilt til topps i den friske seglasen Wärtsilä Windjammer 2010.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det regna ikkje før seglarane var i mål, likevel var både mannskap og båtar våte frå inst til ytst etter laurdagens Wärtsilä Windjammer i Leirvik på Stord.

- Det var god vind og ein frisk seglas, seier Asbjørn Forstrønen som saman med rormann Bjørn Eliassen vann doblehanded-klassen med båten Lady K.

Lady K var ein av fem båtar frå Os Seilforening som stilte til start laurdag morgon. Den rundt to timar lange seglasen gjekk bra for alle fem, men utan topp 3 plass til andre enn Lady K.

- Windjammeren er eit fint arrangement med samling om fredagen, seglas om laurdagen og felles middag på eit av hotella i Leirvik om kvelden etter seglasen.

Piano hamna på 4. plass i klassen for båtar med lystal frå 1,16-1,24, på plassne bak i same klasse kom Tina for II og Lisa.

Marlin, som deltok i den hakket raskare klassen, lys 1,25-1,30, kom på 6. plass.

Resultatliste, stordseilforening.no

På seglar og fotograf John Bjordal sin blogg kan du sjå fleire bilde frå seglasen.

Fleire saker