Fotball | 27. okt. 2015

Vann vintercupen i Fana

Nore Neset J12 har fått ein strålande tjuvstart på 9-arfotball og vunne 10 av 10 kampar og to cupar. Os J12 stakk av med sigeren i B-sluttspelet.

Vann vintercupen i Fana
Nore Neset J12 har vunne to cupar og til saman 10 av 10 spelte kampar på 9-arbane. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. okt. 2015 10:16

Bildeserie:

Os stakk av med sigeren i B-finalen. (Privat foto)
Os stakk av med sigeren i B-finalen. (Privat foto)
Samarbeidsklubbane Os og Nore Neset har ein god 2003-gjeng. (Privat foto)
Samarbeidsklubbane Os og Nore Neset har ein god 2003-gjeng. (Privat foto)
1 av 2
Os stakk av med sigeren i B-finalen. (Privat foto)
Samarbeidsklubbane Os og Nore Neset har ein god 2003-gjeng. (Privat foto)

Jentene som er på veg inn i ungdomsfotballen, og neste år skal auka frå 7 til 9 spelarar på banen, er godt i gang med oppkøyringa.

Under Nore Neset Dagane var det denne aldersgruppa det blei arrangert cup for. Vertane stakk av med sigeren og i helga som var blei det 1. plass i nok ein cup.

– Dei har til saman spelt 10 kampar og vunne alle, med ein målforskjell på heile 39-5, fortel trenar Morten Døsen.

– Det er ein fin og treningsvillig gjeng som er veldig lærenæm. Vi såg det fleire gongar i helga korleis dei tar med seg det vi øver på inn i kampsituasjon.

Vann finalen 3-0

Det var Fana IL som inviterte til cupen Vintertid, som gjekk av stabelen i helga.

Nore Neset-jentene slo Gneist 5-0 (mål av Malin Solstrand Ludvigsen 3, Tuva Berge Inger og Christine Foldrup), Hundvåkøy 3-1 (Lenea Hjelle Fløysand 2) og Fana Mix 3-1 (Lenea Hjelle Fløysand 3) og var galant vidare i A-sluttspelet.

Der blei det 3-0 over Fana Svanen (Celina Eide Døsen, Lenea og Vilde Solberg) før dei slo Hovding 2-1 (Maria Lekven og Vilde) i semifinalen.

I finalen venta Smørås, som Nore Neset slo overbevisande 3-0.

Finalen ble avgjort av 2 mål fra Celina Eide Døsen og ett fra Andrine Kvittingen. Lenea Hjelle Fløysand blei kåra til banens beste i finalen.

21 jenter frå fleire krinsar

– Vi stillte med 16 av våre 21 jenter til denne cupen, og 8 av jentene teikna seg på scoringslista, fortel Døsen.

Laget er samanslått av 2003-årgangane på Søre Neset og Nore Neset og har jenter frå både Øyane, Strøno og Lysefjorden.

Morten trener laget saman med Sverre Johan Fløysand, Eirik Kvittingen og Kenneth Moland.

Spelarliste, Nore Neset J12: Nora Kvinge Austevoll, Martine Nagelsen Balland, Tuva Berge, Celina Eide Døsen, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Foldrup, Miriam Heltne, Karoline Omdahl Krukhaug, Andrine Kvittingen, Maria Lekven, Kathrine Li, Malin Solstrand Ludvigsen, Elina Harju Skeie, Thale Strønen Skeie, Vilde Solberg og Emilie Turøy.

Finalesiger også til Os

Nore Neset sin samarbeidsklubb, Os Fotball, stilte også med 2003-jenter i cupen Vintertid. I tillegg hadde dei med seg fire frå 2004-årgangen og éi fødd i 2005.

– Vi kan takka fleire av dei yngre spelarane for at det gjekk så bra, seier trenar Marius Troøyen.

Etter 0-1-tap for Hovding og 0-0 mot Fana Svanen blei det 1-0-siger over Bjarg (skåring av Nora) og 3. plass i pulja.

I B-sluttspelet gjekk det endå betre, med 4-2 på corner over Gneist før 2-1-siger over Fana Mix (skåring av Trine og Astrid), etter å ha lagt under 0-1.

Finalen gjekk mot Loddefjord, og då det sto uavgjort etter full tid blei det avgjort ut frå kva lag som hadde flest cornarar. Os vann 4-2.

I finalen fikk Astrid Matilde Mjånes prisen som beste spelar.

Spelarliste, Os: Aurora, Anna, Hilde Lisa, Trine, Maren, Christine, Hedda, Nora, Emma Sofie, Julie, Agnes og Astrid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.