Sport | 18. feb. 2012

- Vannvittig laginnsats

Os snudde 10-15 til pause til 24-23-siger over Stryn.

- Vannvittig laginnsats
Eit tøft og kontant forsvarsspel var viktig for at Os kunne dra i land sigeren laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 18. feb. 2012 18:49

Det blei ein thriller då handballherrane til Os slo Stryn på bortebane før jul. Laurdag blei det minst like spennande i Oshallen då Os til slutt viste seg å vera sterkast.

- Vi gjer det litt vanskeleg for oss sjølv med ein førsteomgang prega av tekniske feil, analyserer trenar Leif Idar Røen.

Kampen starta nemleg som det så ofte har gjort for Os i det siste, med bomskudd og tekniske feil i angrep. I forsvaret speler Os bra, men likevel klarer dei ikkje hindra at Stryn går til pause fem mål framfor.

- Kva sa du til spelarane i pausen?

- Eigentleg ikkje så mykje. Gutane tok skikkeleg tak sjølv og gav kvarandre akkurat den oppbakkinga dei trengte.

Kontant forsvar

Og at det hjalp er det ikkje tvil om. Det var eit heilt anna Os-lag som kom på banen etter pause. Berre fem minutt ut i andre omgangen hadde Os tatt igjen tre av dei fem måla. Deretter fulgde dei to laga kvarandre tett og det skulle gå enno femten minutt før Os var i føringa.

- Det blei nesten litt for spennande dette her.

- Men gutta leverer ein sinnsykt bra 2. omgang, skryt Røen.

Lagsiger

Grunnlaget la Os med eit kontant og solid forsvarsspel framfor ungguten Andreas Glomsaas Sennesvik (AGS, journ.mrk).

- AGS er flink når han kommer inn for EInar (Godø), seier Røen som trekk fram den unge keeperen som ein av dei viktigste bidragsyterane til sigeren laurdag.

- Men, det var like mykje ein lagsiger dette, presiserer trenaren.

Med sigeren rykka Os opp til 3. plassen på tabellen, ein plass som kan gje opprykk om Bjørnar 1 rykker ned frå 1. divisjon.

Os-Stryn 24-23 (10-15)
Utv: Os 3x2 min, Stryn 1 direkte raudt kort
Os sitt lag: Einar Godø. Andreas Glomsaas Sennesvik, Trygve Dahl 3, Isak Røen 1, Joakim Blostrupmoen 6, Daniel Røen 1, Steinar Gaasdal, Torbjørn Hjelle 5, Øystein Skarding 1, Johan Nydal, Ove Lyssand 7.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.